HALD DEG I BYGDA: Ein treng ikkje reise utanfor bygda for å fylle det nye året med opplevingar. Foto: Jan Christian Jerving.
HALD DEG I BYGDA: Ein treng ikkje reise utanfor bygda for å fylle det nye året med opplevingar. Foto: Jan Christian Jerving.

Dette må du ikkje gå glipp av i 2015

Her er oversikta over det DU må få med deg i 2015.

Nytt år, nye moglegheiter. For mange handlar det nye året om nye opplevingar som skapar nye minner, men du treng ikkje reise utanfor bygda for å fylle det nye året med opplevingar.  Her får du porten.no si liste over happeningar som du ikkje må gå glipp av i året som kjem.

Påskerock 2015 – Onsdag 1.april og torsdag 2.april, Øvre Årdal
Påskerock er eit årleg arrangement i regi av Hugin Musikkforum. Påskerock har eksistert sidan 1996 og alle inntektene frå den store musikkdugnaden går attende til musikkmiljøet i Årdal og drift av Huginhuset.

Påskerock vert arrangert kvart år onsdag og skjærtorsdag. Dei siste tre åra har arrangementet funne stad på Klingenberg Hotell.
Arrangørar: Hugin musikkforum og musikkspelarar på dugnad.
 

Storehaugen opp! – Torsdag 14.mai, Lærdal
Storehaugen opp er eit motbakkeløp som vert arrangert i Lærdal.
Sekretariatet er ved Lærdalsøyri skule. Starten på løpet er i krysset Skulevegen/Sjukehusvegen. Løpet er på 3,7 km og har ei stigning på nær 25%. Målet er på Storehaugen, som ligg heile 908 m.o.h.
Arrangør: Lærdal Idrettslag

 

Vettisløpet - sundag 24.mai, Øvre Årdal
Vettisløpet er eit vakkert løp med flotte fossar som Hjellefossen, Avdalsfossen og Vettisfossen som trolsk og nydeleg bakteppe. Løpet i seg sjølv er beintøft, med mange og bratte bakkar over 9 km.
I vettisløpet kan ein stille i mange ulike klassar, alt etter kva turoppleving ein er ute etter.
Det populære løpet startar ved sidan av Hjellefossen, før løypa slynger seg forbi den flotte Avdalsfossen. Heile 7 bruer skal passerast på vegen fram til Vetti gard, og elva Utla er ein attraksjon i seg sjølv.
Arrangør: Jotun Idrettslag
 

Fjord til fjell dagarFredag 12.juni til søndag 14.juni, Årdalstangen
Fjord til fjell dagane er eit årleg arrangement med marknad og underhaldning for alle aldersgrupper. Fjord og Fjell dagane vert arrangert andre helga i juni kvart år.
Arrangørar: Årdalstangen Idrettslag, Handelsgruppa Årdalstangen, , Årdal Arrangement og Klingenberg Hotel

 

Lærdalsmarknad - Fredag 19.juni til søndag 21.juni, Lærdal
Lærdalsmarknaden er ein friluftsmarknad som vert arrangert to gonger i året i Lærdal. Under Lærdalsmarknaden og Haustmarknaden står heile kommunen klar som vertskap for å gje gjestene ei best mogleg oppleving. På marknaden kan ein få sjå og oppleve lokale variantar av alt frå handverk til mat, og lokale heltar spelar ofte opp til dans.

 

Jordeplerock – Fredag 26.juni til søndag 28.juni, Lærdal
I år er det tredje gongen Jordeplerock vert arrangert i vakre Lærdal, og arrangørane kan love god stemning også i år. I fjor sto kjende fjes som Eva & the Heartmaker, Steffen Jakobsen og Cir.Cuz på scena. Festivalen vert arrangert av foreininga Jordeplerock, og dei unge arrangørane gjer ein imponerande jobb. Meir informasjon om konsertar og artistar kjem seinare.
Arrangør: Foreininga Jordeplerock

 

Fjøsblues - Laurdag 27.juni, Avdalen Gard
Avdalen Gard ligg over Avdalsfossen i idylliske Utladalen i Øvre Årdal. Garden har 22 sengeplassar og full servering, samt eigen bygning med dusj og tørkebu. Garden er speseilt kjent for dette "fjøsblues" arrangementet som er i slutten av juni kvart år, der lokale heltar spelar opp til dans.
Arrangør: Stiftinga Avdal gard
 

Heirsnosi opp! – Dato ikkje bestemd , Øvre Årdal
Heirsnosi opp er eit løp som går frå Torget i Øvre Årdal og opp til 1000-meteren. Turen opp til 1000-meteren er spektakulær, med ei fantastisk utsikt når ein kjem opp.
Løpet er eit tilbod for alle, for syklistar, løparar, og mosjonistar.

Syklistane startar på Torget, og kjem i mål på 1000 meter over havet, medan løparane startar på 400 meter over havet og skal kjempe seg opp bakkar og svingar til 1000m.
Arrangør: Jotun Idrettslag
 

Aosen opp, - Laurdag 13.juni , Seimsdalen/ Ofredalen
Aosen opp er eit motbakkeløp som går frå fjordkanten nedst i Seimsdalen og endar på Seimsåsen snaue 730 meter over havet.  Den 7,3 km lange løypa er merkverdig, då ho går gjennom verdas brattast tunnel.
Arrangør: Årdalstangen Idrettslag

 

Vinjerock – torsdag 16.juli til fredag 19.juli, Eidsbugarden
Vinjerock er ein festival som held til i ytterkanten av Jotunheimen Nasjonalpark, like ved grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane.
I løpet av tre dagar får ein 25 konsertar, aktivitetar, kurs og lokal mat for einkvar kondis&mage.
Dersom du ikkje allereie har billett til dette arrangementet har du diverre ikkje moglegheita til å vere med. Også i år var det stor kamp om bilettane, og då bilettane vart lagt ut for sal 5.desember, tok det under eitt minutt før alle var vekke.

 

Målrock 2015! – Fredag 7.august og laurdag 8.august, Årdalstangen
Målrock er ein fantastisk festival der Rock'n roll og nynorsk spelar saman. Den populære festivalen har tidlegare hatt besøk av store og kjende band og artistar som DDE, Dumdum Boys, Hellbillies, Vamp, Sivert Høyem og Bernhoft.
Meir informasjon om konsertar og artistar kjem seinare.
Arrangør: Stiftinga Målrock, i samarbeid med ei rekkje lokale krefter.

 

Utladalen Camping, Øvre Årdal
Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping fortel til porten.no at han spanande planar for 2015. Få datoar er bestemde, og Nystedt ynskjer difor ikkje å gå ut med nokon planar, men oppmodar bygdefolket til å følgje med og halde seg oppdatert.  

Til toppen