Dette må du vera klar over før du skal besøka nokon på sjukehuset
(Foto: Helse Førde/Arkiv)

Dette må du vera klar over før du skal besøka nokon på sjukehuset

Helse Førde registrerer at mange besøkande trur at det no er berre å komme inn i sjukehusa på pasientvisitt til slekt og vener, utan førebuing eller avtale. Slik er det ikkje.

Sogn: Det skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

Sjekk dette før du reiser på visitt til pasientar  på sjukehuset. Ved besøk til sjukehus og Helse Førde sine institusjonar gjeld fylgjande retningslinjer:

Vil du besøka ein pasient? 

  • Ring fyrst til avdelinga og gjer klar avtale om tidspunkt.
  • Kvar pasient kan maksimalt motta to besøk i døgnet. 
  • Den besøkande må vera frisk, og det vert stilt spørsmål om helsetilstanden til den besøkande. Slik unngår me at inneliggande pasientar vert utsett for smitte.
  • Ein skal gå DIREKTE til sengeposten/avdelinga etter at tilgangen er kontrollert og handvask/spriting av hender er gjennomført.
  •  Vidare skal ein halde avstand på ein, helst to meter til andre pasientar og helsepersonell.
  • Sjukehusavdelinga kan gjere unntak ved alvorleg sjukdom eller skade der situasjonen er livstruande. Men også dette skal vera avklart på førehand.
  • Også ved polikliniske besøk der ein er med som fylgje for ein pasient stiller vi krav om førehandsavtale og gjennomgang av helsetilstand til fylgje.

Me har har iversett desse tiltaka etter retningsliner frå Folkehelseinstituttet (FHI). Dette for å:

  • unngå smittespreiing,
  •  ivareta pasientane våre
  •  ivareta helsepersonell og dermed beredskap ved eventuelt meir omfattande utbrot.
Til toppen