STOR JOBB: 1750 slike pakker skal vera med reinjegerane ut i Nordfjella.  CWD-koordinator Lars Nesse, som her står og pakkar på Årheim Agentur sine lokale, fortel pakkene blir delte ut med korta og at nye pakker kan hentast der reinshovuda skal leverast inn; på Mo, Lo og Årheim Agentur i Lærdal og ved fiskehuset i Aurland.
STOR JOBB: 1750 slike pakker skal vera med reinjegerane ut i Nordfjella. CWD-koordinator Lars Nesse, som her står og pakkar på Årheim Agentur sine lokale, fortel pakkene blir delte ut med korta og at nye pakker kan hentast der reinshovuda skal leverast inn; på Mo, Lo og Årheim Agentur i Lærdal og ved fiskehuset i Aurland. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Skrantesjuka: Før jakta

Dette må jegerane gjera når dei skyt rein i Nordfjella

Plastsekker etter plastsekker blir fylte med pakker beståande av diverse materiell reinjegerane må nytta når dei skyt nordfjellarein. For om ei veke startar ei ganske annleis reinsjakt

Lærdal/Aurland: - Det er viktig at alt av slakteavfall blir pakka i desse biosekkene. Viss dei finn ein positiv prøve blir jegeren kontakta og bedd om å bli med tilbake for å finna att slakteplassen. Så viss jegeren er frå ein annan stad i landet og har reist heim att blir det jo ekstra viktig at staden er merka godt og nøyaktig GPS-koordinat registrert, seier CWD-koordinator Lars Nesse.

Det er litt av ein operasjon jegerane skal gjera etter å ha skote ein rein i Nordfjella i haust.

Les også: Den spesielle jakta

- Har kome nokre kommentarar

Med seg i sekken har jegerane pakker beståande av eigongshanskar til bruk ved slakting, plastglas som skal nyttast når jegeren tek avføringsprøve av reinane, store posar reinshovuda skal inn i når dei skal fraktast ut av fjellet med strips for å lukka posane, biosekker alt av slakteavfall skal leggjast i for oppbevaring til uttransport dersom den skotne reinen testar positivt for skrantesjuke, lappar med merker for diverse prøvar, nummerstrips som skal festast på alle parteringsdelene, lynlåsposar til lappane og jaktkorta så desse ikkje blir tilgrisa med blod og posar for slakteutstyr og liknande så dette ikkje spreier potensielt skrantesjukeinfisert blod rundt

- Her står det møkkprøve. Den må jegeren klistra vertikalt på glaset, ikkje horiosontalt. Elles får dei ikkje lest av strekkoden, seier Nesse og peikar på eine klistremerket på merkelappen.

- Og når prøveresultatet kjem er det det nummeret på merkelappen og ikkje det nummeret som står på jaktkortet ein skal sjekka opp i mot. Difor er det frykteleg viktig at ein nyttar rett nummer, held han fram.

- Ganske mykje å halda styr på når ein skal slakta rein i høgfjellet kanskje i skikkeleg surt vêr; kva seier jegerane til dette?

- Det kom nokre kommentarar etter at det vart lagt ut bilete på Facebook av at me dreiv og pakka. Og det er jo noko vekt i desse pakkene, seier Nesse. 

Helikoptertransport: - Unikt i jaktsamanheng

Det blir i desse dagar delt ut 1750 frie - og like mange kalveløyver i skrantesjukeråka Nordfjella sone 1. Ein normal jaktsesong ville det ha vore snakk om kring 1000 løyver. I tillegg er jakttida nesten tre gonger så lang som vanleg, frå 10. agust til 31. oktober.

Fordi målet er at mest mogleg villrein skal skytast under ordinær jakt, ettersom heile bestanden med ein vinterstamme på kring 1800 dyr skal sanerast ut til 1. mai 2018. Det har landbuksminister Jon Georg Dale har bestemt.

Les også: Går for reinsjakt i nesten tre månader

Det tyder også at det kan bli svært tunge ryggsekker for villreinjegerane. For at dette ikkje skal bli for overveldande, blir det tilbydd uttransportering av slakt på staten si rekning.

- Dette er aldri forsøkt før, så det er unikt i jaktsamanheng at ein gratis tilbyr uttransport av felt vilt. Og det er ganske store utfordringar ved å tilby tenesta fordi det må skje på den lyse tida av døgnet, noko som kan påverka jakta for andre jegerar. Hentar me ein big bag med ryggsekker beståande av slakt og ein reinsflokk som blir jakta på i nærleiken blir skremt til peaces, veit me at me får kritrikk, seier seniorrådgjvar i Statens Naturoppsyn (SNO), Petter Braaten.

Men helikoptertransport blir tilbydd - under visse føresetnader.

- Fellinga må ha skjedd eit stykkje unna bilveg og det er veldig fordelaktig at me kan få transportert ut fleire slakt samstundes. Det er ingen føresetnad at det er eit visst antal dyr eller at det der akkurat så og så langt frå veg. Men har ein skote ein kalv eit par kilomter frå veg må ein nok bæra den ut, har ein skote to-tre bukkar fire fem timar unna veg skal ein heilt klart få transport. Det går ei grense mellom der ein stad. Me skal prøva å vera så fleksible som mogleg, men me har eit budsjett og dermed eit visst antal flygetimar til disposisjon me bør nytta så fornuftig som mogleg. Så her er me heilt avhengige av god dialog og godt samarbeid med jegerane, avsluttar Braaten.

Til toppen