SATSAR PÅ REISELIVET: Plassane var fylt opp rundt bordet då aktørar frå reiselivet i Årdal, rådgivarar og Årdal Utvikling var samla for å starte arbeidet med reiselivssatsinga fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Dette må til for reiselivet

Det seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord om Årdal si storsatsing på reiselivet. 

Årdal: Fredag var det oppstartmøte for den overordna reiselivsstrategien for Årdal dei komande åra. Berre i år skal Årdal Utvikling spytte inn 1,7 millionar kroner i arbeidet for å gjere reiseliv til ei næring i Årdal.

På plass var Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord. Han meiner det er heilt naudsynt at Årdal no satsar på dette.

– Årdal som industrisamfunn må stå på nye bein. Her har ein utrulege ressursar som ein ikkje har vore flink nok til å utnytte. Dette er porten mellom Sognefjorden og Jotunheimen og ei perle få veit om, seier han.

– Difor er det heilt naudsynt at ein no byrjar strukturert, prioriterer og byggjer opp plassen. Eg trur Årdal og omgjevnadene har eit kjempestort uutnytta potensiale. Det er ikkje så mykje som skil Årdal frå Flåm, men i Flåm er dei heldige og har Flåmsbana.

Økonomisk drivverdig

I tillegg til mange aktørar frå reiselivet i kommunen, var Torill Olsson frå Mimir på plass for å hente innspel og bidra til å skape ein strategi. Olsson jobbar som rådgivar innanfor reiselivet.

– Moglegheitene ein finn her er knytt til kva aktørane vil. Det handlar om å foredle det natur- og kulturgrunnlaget ein har inn i nokre opplevingar som er attraktive, og som ein kan kjøpa, fortel ho.

– Me er tydelege på at reiselivsutvikling handlar om næring, og dei som går inn i bransjen må ha ambisjon om at det skal vera økonomisk drivverdig. Me kan ikkje gjera anna enn å peike ut ein veg, og så er opp til aktørane og Årdal Utvikling å leggja til rette for dette.

Artikkelen held fram under biletet.

DISKUSJON: Praten sat laust rundt bordet og ideane var mange då reiselivet vart diskutert. Her diskuterer Ståle Brandshaug og drivar av Utladalen Camping og Svalheim Gard Kristoffer Nystedt.
DISKUSJON: Praten sat laust rundt bordet og ideane var mange då reiselivet vart diskutert. Her diskuterer Ståle Brandshaug og drivar av Utladalen Camping og Svalheim Gard Kristoffer Nystedt.

Får hjelp frå arkitektar

På dagens møtet dreia mykje av innspela seg om vatn i ein eller annan form. Det er her arkitektfirmaet Vardehaugen kjem inn i biletet. Håkon Matre Aasarød forklarar kva dei kan bidra med.

– Råvarane i Årdal er som ein fantastisk godtepose, men fjord flyttar ikkje fjell åleine. Me må gjera tiltak som viser forskjellen på denne fjorden mot andre fjordar. Det ligg i menneska, eldsjelene, og ideen og tanken dei har for kva som skal synast fram. me skal bidra med skisser og teikningar som synleggjer dette og løftar fram eit godt produkt, fortel han. 

– Utladalen er spydspissen

På Vestlandet er det fleire stader som har lykkast med reiselivet. Ifølgje Brandshaug er det lett tilgjengelege aktivitetar som er i vinden no. Sykling, padling og fjordsafari vert nemnt. 

Nøkkelen for Årdal no er å finne spydspissen som ein skal basere alt saman på. For Brandshaug er valet enkelt.

– Der trur eg Utladalen er sentral. Skap gode historier, bilete og skildringar rundt det og jobb med aktivitetar knytt til dette. Få gode opplevingar og hjelp fram gründerar. Deretter må ein marknadsføre og dele dette. Når det lykkast, kan ein byggja vidare med industrihistorie og festivalar, er hans oppmoding.

Men skal ein satsa, må det pengar til. Og det er ofte her det stoppar for dei som prøver å lykkast i ein vanskeleg bransje.

– Årdal har eit kundegrunnlag i dag som er avgrensa, så det kostar litt å starte opp, men det positive er at Årdal Utvikling er med og støttar opp. Det tar 3-4-5 år før ein lykkast, så det er viktig at ein støttar dei som vil i denne perioden. 

Magedrag

Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, skildra satsing på reiselivet som eit skikkeleg magadrag. 

Artikkelen held fram under biletet. 

MAGEDRAG: – No må ein vere dedikert fordi dette er ein tøff bransje, sa Terje Laberg, som skildra dette som eit skikkeleg magedrag for reiselivet.
MAGEDRAG: – No må ein vere dedikert fordi dette er ein tøff bransje, sa Terje Laberg, som skildra dette som eit skikkeleg magedrag for reiselivet.

– No må ein vere dedikert fordi det er ein tøff bransje. I Årdal Utvikling skal me prioritere dei bedriftene som satsar innanfor reiselivet dei neste åra, men me tenkjer økonomi og ønskjer sunne aktivitetar, sa han og takka aktørane som møtte opp.

– Skal me gjera dette, skal me gjera det skikkeleg. Me kan ikkje berre gå inn med éin fot for det er ikkje gitt at me vinn. 

I neste omgang skal Olsson ta med innspela frå fredagens møte, jobbe med desse og presentere ein overordna strategi i mai. 

Til toppen