Sogndal: Då politikarane i Sogndal bestemte seg for å nøsta opp i varslingssakene i Sogn barnevern, vedtok dei at det skulle opprettast eit eksternt varslingssekretariat til å gjera jobben.

Dette meiner dei eksterne advokatane at kommunen kan læra av skandalen
I minst fem år, frå 2011 til 2016, herja konfliktane i Sogn barnevern. No gir dei eksterne advokatane, som har forsøkt å løysa opp i floka, råd til korleis kommunen kan hindra at liknande skjer igjen.