SPEKTAKULÆRT: – Vegen over Sognefjellet og Tindevegen er etter mi mening ein av Norges flotteste fjellovergangar, seier redaktør av vegboka til NAF, Per Roger Lauritzen. Foto: arkiv.
SPEKTAKULÆRT: – Vegen over Sognefjellet og Tindevegen er etter mi mening ein av Norges flotteste fjellovergangar, seier redaktør av vegboka til NAF, Per Roger Lauritzen. Foto: arkiv.

Dette meiner eksperten er ein av landets flottaste omvegar

Som vegbokredaktør i NAF har han køyrt det meste av Noreg på langs og tvers. No gir Per Roger Lauritzen deg oppskrifta på ein vellukka omveg i Sogn.

NAF-REDAKTØR: Det blir nokre tusen kilometer i året når du heiter Per Roger Lauritzen og har anvsvaret for vegboka til NAF.
NAF-REDAKTØR: Det blir nokre tusen kilometer i året når du heiter Per Roger Lauritzen og har anvsvaret for vegboka til NAF.

For mange er bilferie nærast eit skjellsord. Det synspunktet deler ikkje Lauritzen.

– Det viktigaste med bilfeiren er ikkje å køyre så mykje bil, men å komme til nye og spanande plassar. Så personlig prøver eg å legge opp til minst mogleg lange strekk og flest mogleg stopp, seier han.

Glad i omvegar

Han er den einaste i NAF-systemet som har bubil som tenestebil. Få kjenner det norske vegnettet betre. 

– Eg har jobba som reisande i den norske geografien i omtrent heile mitt liv. Før eg byrja å jobbe i NAF for fem år sidan, så jobba i turistforeininga og reiste mykje rundt då òg, seier han.

For han er nøkkelen til ein vellukka tur å ta seg god tid og unne seg nokre skikkelege omvegar. Dei 32 beste i landet har han i samla mellom to permar. I Sogn har han funne ein av sine personlege favorittar.  

– Det er eit område som innbyr til ein skikkeleg omveg, seier Lauritzen.

NASJONALSKATT: Når du kan få slike syn som her på Sognefjellet, er det ikkje alltid like viktig om det er beinaste vegen til målet.
NASJONALSKATT: Når du kan få slike syn som her på Sognefjellet, er det ikkje alltid like viktig om det er beinaste vegen til målet.

Den lange vegen rundt 

Så her er ruta han anbefalar: når du kjem frå Lærdal og skal til Sogndal, så tek du ikkje ferja rett over fjorden. I staden skal du svinge av inn til Årdal og ta Tindevegen over fjellet.

– Den og møtet med den nasjonale turistvegen over Sognefjellet er fantastisk. Særleg turen ned til Fortun er utruleg flott, seier Lauritzen.

Herifrå kan du følgje riksvegen til Sogndal om du ønskjer det. Men Lauritzen rår dei eventyrlystne til å følgje vegen på sørsida av fjorden.  

– Der er det masse kvalitetar: Sørheim, Munthehuset og Urnes. Der tek du den vesle bilferga over Sognefjorden til Solvorn, seier han.

Turen vert over hundre kilometer lengre, men er likevel verdt det, meiner Lauritzen. Om du då ikkje har hastverk. 

– Det er ein veldig lang omveg for ei kort strekning, men det er kanskje ein av dei flottaste opp og nedturane eg veit om i Norge.

Ikkje redd for å gå tom

Nyleg kom han tilbake etter to veker i Finnmark. Der rakk han å vere innom alle kommunane på nytt. Likevel er ikkje Lauritzen redd for at han skal gå tom for nye oppdagingar med det første.

– Norge har så mange små avkrokar du ikkje anar finst før du kjem dit. Det er nesten slik at dess meir du reiser, dess fleire plassar oppdagar du at du ikkje har vore. I Norge har vi nesten 100.000 kilometer med offentleg veg. Berre det å komme rundt på det nettet gir deg muligheiten for eit langt liv på vegen, seier han. 

Bokidear verkar han heller ikkje å gå tom for.

– No held vi på med ei bok dei beste utsiktane. Då er det ikkje usannsynleg at det blir litt frå Sogn der òg, seier han.

Til toppen