KAN FÅ SEAWALK: Tidlegare i sommar skreiv Røysi eit brev til rådmannen og ordføreren i Sogndal der han kort informerte om ønskjet om å satse på cruise i Sogndal. Amla har vore på kartet til Røysi tidlegare, no ønskjer han å gå vidare med planane. Helst ser han for seg å "installere en landbasert seawalk på egnet adresse i fjorden".
KAN FÅ SEAWALK: Tidlegare i sommar skreiv Røysi eit brev til rådmannen og ordføreren i Sogndal der han kort informerte om ønskjet om å satse på cruise i Sogndal. Amla har vore på kartet til Røysi tidlegare, no ønskjer han å gå vidare med planane. Helst ser han for seg å "installere en landbasert seawalk på egnet adresse i fjorden".

Dette meiner politikarane om cruise i Sogndal

Berre eitt parti tek tydeleg standpunkt mot den annonserte cruisesatsinga til investor Oddvar Røysi.

Sogndal: I førre veke sjokkerte investor Oddvar Røysi heile Sogn då han truga med å rive ned alt han har bygd opp rundt cruisesatsinga i Skjolden.

SEIER NEI: Vibeke Johnsen i SV er generelt skeptisk til cruiseturisme.
SEIER NEI: Vibeke Johnsen i SV er generelt skeptisk til cruiseturisme.

I same andedrag nemnde mangemillionæren at han no vil satse i Sogndal. Ein Seawalk i Amlabukti på Kaupanger ser ut til å vere den føretrekte varianten. Vi har difor spurt politikarane i bygda korleis dei stiller seg til cruiseplanane, dersom Røysi vil gjere alvor av dei.

Av dei sju vi spurte er Vibeke Johnsen i SV den einaste som seier klart nei.

– Eg er generelt skeptisk til cruiseturisme i norske fjordar, først og fremst grunna miljøomsyn, og ønskjer ikkje cruisekai i Sogndal. Cruise er masseturisme som krev god organisering på land, difor meiner eg det er greitt å avgrense tal destinasjonar, seier ho.

Les òg: Røysi vil rive investeringane i Skjolden

VIL RIVE: Investor Oddvar Røysi har investert ein kvart milliard i leiligheiter, hotell og cruiseskipkai i Skjolden. No vil han rive alt saman og heller satse i Sogndal. 
VIL RIVE: Investor Oddvar Røysi har investert ein kvart milliard i leiligheiter, hotell og cruiseskipkai i Skjolden. No vil han rive alt saman og heller satse i Sogndal. 

Let seg ikkje skremma av konflikten i Luster

Framstegspartiet var blant mindretalet som ønskte satsing på cruise då spørsmålet sist var oppe i 2008.  Den gong dreidde det seg om ei djupvasskai utanfor Sogndal sentrum.

– Eg har heile tida tykt at dette er positivt. No har eg ikkje diskutert dette med dei andre i gruppa, men eg reknar med at dei har same synspunkt som meg, seier Rita Navarsete i Sogndal Frp.

Ho er ikkje skremt av konflikten som har blussa opp i nabokommunen.

– Det som har skjedd i Skjolden er trist, men eg reknar med at saka har to sider. Eg har ikkje lyst til å gå så fælt inn i det, det er ei sak for Luster kommune, seier ho.

Les også: Sjøfartsdirektoratet skal kartleggja cruise-utslepp
Les også: Samla cruisestrategi for Vestlandsregionen

Varaordførar Laura Kvamme (Sp) kjenner ikkje til dei konkrete planane til Røysi, men er alltid glad når nokon vil satse i Sogndal. 

ØNSKJER DIALOG: Laura Kvamme og Senterpartiet vil gjerne høyre meir om planane til Røysi.
ØNSKJER DIALOG: Laura Kvamme og Senterpartiet vil gjerne høyre meir om planane til Røysi.

– Vi er i imøtekomande og vil gjerne høyre meir, seier ho.

Senterpartiet har ikkje noko prinsippielt syn når det gjeld cruise. Difor vil varaordføraren vente med å meine noko før det vert klart kva planane faktisk går ut på.

– Vi er ikkje bestemt for eller i mot, vi må sjå heilskapen i dette, seier ho.

– Korleis har bråket i Skjolden påverka ditt syn på satsinga?

– Røysi er invitert til vidare dialog og vi ventar no på eit initiativ frå han. Då tek vi det derifrå. Det er ikkje noko poeng i å vere forutinntatt, seier Kvamme.

Fleire treng å diskutere saka

Kjetil Kvåle, gruppeleiar i Ap, seier dei enno ikkje har diskutert saka internt i partiet. Først vil dei vite meir kva planane inneberer.

– Personleg er eg generelt skeptisk til cruise. Men som sagt, vi må diskutere det i gruppa. Vi må sjølvsagt ta stilling til den konkrete førespurnaden når den kjem, seier han.

Karin Vikane i Høgre seier dei i utgangspunktet ønskjer all næringsaktivitet velkomen.

– Samtidig må vi her i Sogn samarbeida om dei tilboda som allereie er her og stå opp for kvarandre. Me har nokre destinasjonar som er gode på cruise, då bør vi først og fremst stå opp for dei, seier Vikane.

Eva Ramstad, gruppeleiar i Venstre, vil ikkje meine noko før dei har fått diskutert saka i partiet. Det same gjeld Margrete Haug i KrF.

Porten.no har vore i kontakt med Oddvar Røysi som ikkje vil uttale seg om kva han har tenkt å byggje opp i Sogndal.

Til toppen