HER KJEM DET: Det nye studenthuset er ikkje teikna enno, men slik er det illustrert på forsida til detaljreguleringsplanen som vart lagt ut på høyring for ei dryg veke sidan. Illustrasjon: Sogndal kommune/Arkitektkontoret 4B.

Dette meiner studentane om nye Meieriet

Vi har snakka med eit knippe studentar for å høyre korleis dei stiller seg til flytteplanane. Konklusjonen er eintydig.

Sogndal: Studentsamskipnaden skal flytte Meieriet frå sentrum til Campus. Det nye studenthuset skal etter planen bli bygd over fem etasjar i den bratte skråninga mellom Fossbygget og Fosshaugane. 

TOMMEL OPP: Student Magnus Drægni Mæland gler seg til å få nytt og flott studenthus i Sogndal.
TOMMEL OPP: Student Magnus Drægni Mæland gler seg til å få nytt og flott studenthus i Sogndal.

Det vil koste omlag 35 millionar kroner og skal mellom anna innehalde konsertlokale, undervisingsrom, kafè og pub.

Idrettsstudent Magnus Drægni Mæland er ein av dei som tek planane imot med opne armar.

– Det synst eg er fantastisk. Det vi har er gamalt og med lite plass, så det blir flott med noko nytt som betre kan matche skulen, seier han.

Les også: Her kjem det nye studenthuset i Sogndal​

SAMKØYRTE VENINNER: Live Rotnes og Benedikte Raad er begge positive til at Meieriet skal flyttast til Campus.
SAMKØYRTE VENINNER: Live Rotnes og Benedikte Raad er begge positive til at Meieriet skal flyttast til Campus.

Nytt hus, same namn

Reiselivsstudentane Live Rotnes og Benedikte Raad er samde om at Meieriet er moden for utskifting.

STANDARD: Idrettsstudent Gaute Nilsen Sebakk er oppteken av å behalde Meieriet-namnet.
STANDARD: Idrettsstudent Gaute Nilsen Sebakk er oppteken av å behalde Meieriet-namnet.

– Vi treng å få eit litt nyare bygg med meir plass til folk og at det blir meir tilknyting til skulen, seier Raad.

Like positiv er Gaute Nilsen Sebakk, som studerer idrett og kroppsøving. Når det gjeld namnet derimot, håper han det blir med på flyttelasset.

– Det er det som set standarden for kva Sogndal er, seier han.

Vil gjerne behalde pipa

Det var stort sett gjennomgangsmelodien til alle vi spurte. Dei ønskjer flyttinga velkomen, men vil gjerne halde på Meieriet som namn. Sofie Stenseth, som tek årsstudium i engelsk, var einaste unnatak.

RART: Sofie Stenseth trur det kan vere lurt å finne eit nytt namn når studenthuset flyttar vekk frå dei gamle meierilokala.
RART: Sofie Stenseth trur det kan vere lurt å finne eit nytt namn når studenthuset flyttar vekk frå dei gamle meierilokala.

– Det er eit nytt hus og har ingenting med Meieriet å gjere, så det blir kanskje rart med samme namn?, seier ho.

Meieriet har fått ein solid posisjon i konsertnorge og blitt viktig livsnerve i sentrum. Men studentane vi snakka med verka altså ikkje spesielt nostalgiske av seg. Eller?

– Den pipa skulle vi fått flytta med oss, viss det hadde gått. Men ellers blir det koseleg uansett, trur idrettsstudenten Magnus Drægni Mæland.

MODERNE FRAMTONING: Her er ein 3d-modell av det same studenthuset. Illustrasjon: SISOF/Arkitektkontoret 4B.
MODERNE FRAMTONING: Her er ein 3d-modell av det same studenthuset. Illustrasjon: SISOF/Arkitektkontoret 4B.
Til toppen