MYKJE Å SNAKKE OM: Storkommunen i Sogn er i støypeskeia. 22. juli i år skal eit felles kommunestyre for Balestrand, Leikanger og Sogndal møtast for første gong. Foto: arkiv.
MYKJE Å SNAKKE OM: Storkommunen i Sogn er i støypeskeia. 22. juli i år skal eit felles kommunestyre for Balestrand, Leikanger og Sogndal møtast for første gong. Foto: arkiv.

Dette skal dei avgjere på første felles kommunestyremøte

Til sommaren skal politikarane i Sogndal, Leikanger og Balestrand avgjere kva namn og kommunevåpen den nye storkommunen i Sogn skal få.

Sogndal: Arbeidet med å forme den nye storkommunen i Sogn er allereie i gang. No er òg den første innkallinga til eit felles kommunetyremøte send ut.

– Det er godt å komme i gang med det ein har snakka så lenge om, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Les også: Her har ordføraren den første reformpraten

Han seier storleiken på det nye kommunestyret, kommunenamn og kommunevåpen, er blant tinga politikarane frå dei tre  kommunane må einast om på møtet 22. juli. 

Bortsett frå det er eit enormt administrativt arbeid som ventar dei fram mot 2020, året samanslåinga trer i kraft. I formannskapet torsdag la rådmannen fram tal som viser at BLS-kommune får 91,5 millionar kroner ekstra fram til 2020 og 12,6 millionar årleg etter det. Mykje av det skal gjere samanslåinga meir smertefri.

– Det som blir viktig framover er å jobba aktivt med å forma innhaldet i den nye kommunen. Viss me ikkje gjer noko, då overlet me det til Staten, seier Aarvoll.

Til toppen