BEHOV: Dei folkevalde i Lærdal skal torsdag ta stilling til kva spørsmål dei ønskjer svar på i det vidare arbeidet med å leggja til rette for ein kai i Bermålsviki (biletet) eller Erdal.
BEHOV: Dei folkevalde i Lærdal skal torsdag ta stilling til kva spørsmål dei ønskjer svar på i det vidare arbeidet med å leggja til rette for ein kai i Bermålsviki (biletet) eller Erdal. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Dette skal leggjast vekt på i vurderingane av Erdal og Bermålsviki

Politikarane i Lærdal skal på synfaring i områda som blir vurdert til kai.

Lærdal: Etter alt å dømma kjem dei folkevalde til å vedta planprogramma for Erdal og Bermålsviki torsdag når formannskapet møtest. Det vil seie at dei vedtek rammene for den vidare prosessen og kor mykje som skal utgreiast.

På noverande tidspunkt vert det ikkje tatt stilling til om det eine eller det andre området eignar seg best til å huse ein kai.

Sjå tilrådinga frå rådmannen for dei to områda nedst i saka.

SPØRSMÅL: Ved å vedta eit planprogram har politikaren høve til å påverka kva spørsmål dei vil ha svar på i det vidare arbeidet, forklarar Alf Olsen jr.
SPØRSMÅL: Ved å vedta eit planprogram har politikaren høve til å påverka kva spørsmål dei vil ha svar på i det vidare arbeidet, forklarar Alf Olsen jr. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Dette betyr at dei folkevalde vedtar kva spørsmål som skal avklarast, forklarar rådmann Alf Olsen jr.

Før ferien var det synfaring i både Erdal og Bermålsviki, der Porten.no var med. Rådmannen seier dei fekk inn mykje nyttig informasjon som har betydning for utforminga av planprogrammet.

Aktuelle for kai og bustad

Dei to områda er som kjend aktuelle fordi dei folkevalde ønskjer å leggje til rette for ein kai. Dette heng tett i saman med planane til Simas om ein pelletsfabrikk på Håbakken, seier direktør i Simas, Hallvard Thomassen.

– Me jobbar vidare med våre avklaringar og driv med våre evalueringar. Noko meir er det ikkje å seie akkurat no, seier direktøren.

– Er Erdal eller Bermålsviki godt nok for dykk?

– Ja, me har ikkje gått inn i den diskusjonen. Den må kommunen styra sjølv, svarar han.

Men det er ikkje berre kai ein har i tankane her. Lærdal har også behov for fleire stader å byggje bustad i, så i same slengen vurderer ein også om områda er eigna til bustadføremål.

SYNFARING: I juni var tilsette i administrasjonen på synfaring på dei to aktuelle stadene. Her frå synfaringa i Bermålsviki..
SYNFARING: I juni var tilsette i administrasjonen på synfaring på dei to aktuelle stadene. Her frå synfaringa i Bermålsviki.. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Gjennom ein slik prosess blir ei rekke ulike behov avklara, så må ein politisk ta stilling til kva areala skal brukast til, seier Olsen jr.

Held oppe det unike

Både i Erdal og Bermålsviki har det kome mange innspel, både frå offentlege instansar, men også naboar. Grunneigar Anne Helene Bergmål har heile tida vore klar på at ho er sterkt imot kaiprosjektet, men er open for at det kan koma bustader.

Ho meiner det bør leggjast vekt på det unike ved Bermålsviki – at ein kan bevege seg langs sjøen på ein sti i ro og fred.

– Då dei ringte frå kommunen første gongen, trudde eg det var ein spøk. At det er mogleg å finna på noko sånt i eit slikt landskap, der det er bratt og kronglete. Gjennomfører dei planane, vil det ikkje vera mogleg å vera her, seier Bergmål, som har tenkt til å vera tilstades under møtet torsdag.

UNIKT: Grunneigar i Bermålsviki, Anne Helene Bergmål, håpar det unike ved plassen ligg fremst i pannebrasken hjå dei folkevalde i det vidare arbeidet.
UNIKT: Grunneigar i Bermålsviki, Anne Helene Bergmål, håpar det unike ved plassen ligg fremst i pannebrasken hjå dei folkevalde i det vidare arbeidet. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Dei folkevalde skal sjølv på synfaring, er planen. Kor viktig er det at dei ikkje allereie har gjort seg opp ei meining?

– Det meiner eg er viktig. Eg snakkar med alle politikarane heile tida og heng på dei på ein grei måte, der eg fortel kor forferdeleg det er å leva med ein konstant klump i magen.

Nye høyringar

Olsen jr. forsikrar om at alle innspel blir vurdert inn i det som er føremålet med planprogrammet. Han fortel at når det gjeld sjølve reguleringsplanen, vil det bli nye formelle høyringar.

– Det blir rikeleg med høve til å koma med innspel, seier han.

Rådmannen si tilråding for Strendene

Kommunestyret vedtek framlegg til planprogram for Områderegulering for Strendene med fylgjande endringar:

  • Det vert bestilt eiga rapport med sporingsanalysar knytt til ulike løysingar for avkøyrsle.
  • Det skal innarbeidast ein betre oversikt som tydeleggjer kva for utgreiingar/undersøkingar som skal gjerast og korleis arbeidet skal utførast, og kva kjelder til eksisterande kunnskap som skal nyttast. Denne oversikta skal og tydeleggjera kva som skal konsekvensutgreiast i Områdeplanen og kva som skal konsekvensutgreiast i Detaljplanen.
  • Tema naturmangfald vert utgreia for heile planområdet, men avgrensa til å gjelda feltarbeid, nyregistreringar og konsekvensutgreiing for område råka av utbygging, medan det elles i området vert omtale og vurdering basert på eksisterande kunnskap.
  • Verknadane av planen for almenne interesser i strandsona skal vera eige tema i planomtalen.
  • Omtale av dei aktuelle regionale føringane skal med i planomtalen, og det vert eit eige tema om klimaomstilling og klimatilpassing.
  • Det skal vurderast i planomtalen behov for kollektivtransport ved bustadutbygging

Rådmannen si tilråding for Erdal

Kommunestyret vedtek planprogram for Områderegulering for Erdal med følgjande endringar:

  • Det skal innarbeidast ein oversikt som tydeleggjer kva for utgreiingar/undersøkingar som skal gjerast og korleis arbeidet skal utførast, og kvakjelder til eksisterande kunnskap som skal nyttast. Denne oversikta skal og tydeleggjera kva som skal konsekvensutgreiast i Områdeplanen og kva som skal konsekvensutgreiast i Detaljplanen.
  • Tema naturmangfald vert utgreia for heile planområdet, men avgrensa til å gjelda feltarbeid, nyregistreringar og konsekvensutgreiing for område råka av utbygging, medan det elles i området vert omtale basert på eksisterande kunnskap. Konsekvensar for laks og sjøaure kjem med i denne utgreiinga.
  • Verknadane av planen for almenne interesser i strandsona skal vera eige tema i planomtalen.
  • Krav om avbøtande tiltak for fisk ved anleggsarbeid i sjø skal med i føresegnene.
  • Omtale av dei aktuelle regionale føringane skal med i planomtalen, og det vert eit eige tema om klimaomstilling og klimatilpassing.
  • Det skal vurderast i planomtalen behov for kollektivtransport ved bustadutbygging
Til toppen