HAR TRUA: Tidlegare banksjef Egon Moen har trua på at me skal greia å koma oss ut av koronakrisa.
HAR TRUA: Tidlegare banksjef Egon Moen har trua på at me skal greia å koma oss ut av koronakrisa. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

«Dette skal vi greie saman»

– All erfaring viser at etter ein nedgang kjem det ein oppgang i økonomien, skriv tidlegare banksjef Egon Moen i dette innlegget.

Meiningar: COVID 19 har skapt ei global krise både helsemessig, økonomisk og sosialt. Og opp i alt dette har Russland og Saudi Arabia funne ut at dei skal ha ein priskrig, noko som har ført til ekstremt låg pris på olje som rammar landet vårt hardt.

Dette har óg har fått store konsekvensar i vår region. Arbeidsløysa er over 10 prosent og stigande. Reiselivskommunen Aurland, som har førebudd seg på eit storinnrykk i sommar, har den høgste arbeidsløysa av alle kommunane i Sogn med over 16 prosent.

Forhåpentlegvis vil vi etterkvart få kontroll over dette viruset, men dei økonomiske konsekvensane vil bli store i 2020. Ingen tvil om det.

Lyspunkt

Alle tiltakspakkane frå regjeringa vil sjølvagt hjelpe men berre i ein avgrensa periode. Særleg reiselivet er utsett i vår region med ein ujamn inntektsstraum. Mestepartene av inntektene for reiselivet i vår region skjer jo i sommarsesongen. Det tek pakkane ikkje høgde for.

Nokre lyspunkt har vi oppe i alt dette. Vi har sterke offentlege sektorarar i Sogn. Offentleg sektor er ikkje ramma av permiteringar slik næringlivet er. Og ein sterk offentleg sektor viser óg kor viktig den er i ein slik situasjon.

Og vi har sterke og robuste lokale bankar som tåler ein støyt.

Tøffe tider

Eg trur det neppe vil komme mange asiatar til Sogn i 2020, og kanskje ikkje mange europearar og cruisebåtar heller. Difor må reiselivet i Sogn i år jobbe hardt mot det lokale markedet i Norge som må støtte opp.

Samme gjeld jo våre produksjonsbedrifter og handelsbedrifter. Handle lokalt.

Dei to store industribedriftene i Sogn, Hydro og Norsun, som omsetter for milliardar og nøkkelbedrifter i vår region har tøffe tider framover dersom ikkje global etterspurnad aukar. Utfasing av produksjonslinjer, særleg på Hydro sine anlegg, er ekstremt dyrt. Oppattstart av slike linjer kan ta år. Er det fare for det, må regjeringa på bana etter mitt syn.

Neppe ny depresjon

All erfaring viser at etter ein nedgang kjem det ein oppgang i økonomien. Det veit alle. Så lenge vi heldt saman og jobbar hardt saman om denne dugnaden, så går det bra til slutt. Det er berre syklusen ingen greier å spå.

Og det blir neppe slik som ved børskrakket i 1929, som innleia ein lang økonomisk depresjon over mange år. For det er ikkje økonomien det er noko feil med. Det er ein virussjukdom kalla COVID 19.

Diverre har korkje stat, bankar eller andre simulert konsekvensane ved ein slik pandemi. Så vi var totalt uforberedt alle sammen.

Stao pao. Dette skal vi greie saman.

Innlegget stod først på trykk på Egon Moen sin eigen blogg.

Til toppen