ÅRDAL: For 30 år sidan var det mellom anna opning av ein splitter ny  restaurant som serverte eksotiske rettar til svoltne årdøler.
ÅRDAL: For 30 år sidan var det mellom anna opning av ein splitter ny restaurant som serverte eksotiske rettar til svoltne årdøler. (Foto: Arkiv)

FØR I TIDA

Dette skjedde i Årdal kommune for 30 år sidan

Året 1989 var det stor etablerar-lyst i kommunen, det var planar om å satse på fjordturisme og Hydro sa opp over 250 personar.

Artikkelen er først publisert i Årdal før og no, ei medlemsavis hjå Årdal Sogelag. Teksten er publisert på Porten.no etter avtale med styret i Årdal Sogelag.

I Årdal kommune for 30 år sidan vart landets fyrste Miljøkommisjon oppretta, og det var luftige planar om oppdrett av havabbor, reker og ål basert på spillvarme frå Verket.

Lokalt

  • Postkontoret i Offerdal vart lagd ned.
  • Kommunen oppretta eigen Miljøkommisjon som den første i landet.
  • Stor aktivitet av skuleeleva med skogplanting leia av kommunegartnar Ellingsen, Teodor Solheim og Torvald Sviggum.
  • Ny renovasjonsordning blir innførd med sortering i fraksjonar med papir-, glas- og hushaldningsavfall.
  • Offisiell opning av Industribygget i Utladalen, som i dag er Årdal Plast.
  • Årdal Prosjektutvikling er svært optimistiske og melder om stor etablerar-lyst. Det vert registrert 24 nye selskap og det er verksemder innan industri, handel og tenesteyting.
  • Jonny Torvund får i april Næringsprisen som vert delt ut for første gang. Han får prisen for å ha bygd opp Årdal Mek.
  • Det er luftige planar om oppdrett av havabbor, reker og ål basert på spillvarme frå Verket.
  • Selskapet Sognefjorden A/Shar kjøpte båten «Sunrise» frå Oslofjorden for å starta turisttrafikk i fjorden og vil mellom anna reise innom Offerdalen og sjå mølla og saga. Båten får namnet «Sognefjell».
  • Dei som ville prøva eksotiske matrettar, kunne vitja Shao`s kinarestaurant som opna i juli i Torvund-bygget.

På Hydro

  • Utsleppet av fluor i februar var det lågaste som til då var blitt registrert. I desember gjekk utsleppet ytterlegare ned til 14 kg/time.
  • Nytt bolterenseanlegg i ÅIII vart sett i drift.
  • Norsk Hydro og Østfold og Akershus Fylkeskraftverk underteikna endeleg avtalen om sal av Nyset – Steiggje-anlegget med overtaking i november. Kommunen sette fram krav om kompensasjon for tap av heimfallsrett og la pengane i vegsambandet til Fodnes.
  • Hydeq, også kjend som HydroEquipment vart etablert. Selskapet tok sikte på eige produksjonslokale komande år. Forutan Hydro Aluminium var SMV i Skånevik dei største eigarane.
  • Årsproduksjonen var 170 000 tonn.
  • Verket var i ein nedbemanningsperiode der ein gjekk frå over 1800 tilsette og ned til 1541. Det vart også gjort store kostnadsreduksjonar i eit år som førte til god inntening. I ettertid har det synt seg at dette var naudsynte grep for å trygga framtida. 
Til toppen