POLITI: Politiet hadde litt å gjere natt til søndag. Foto: arkiv
POLITI: Politiet hadde litt å gjere natt til søndag. Foto: arkiv (Foto: arkiv)

Dette skjedde natt til søndag

I Årdal blei det meldt om ordensuro, og i Sogndal hadde ein person tatt seg inn i ein bustad. 

Sogndal/Årdal: om lag 22.30 laurdagskveld blei det meldt om ordensuro ved ein serveringsstad i Årdal. Politiet skriv på twitter at det var klammeri mellom to menn, og at den eine blei sendt til Lærdal sjukehus for kontroll. 

Natt til søndag blei ein personbil stoppa i kontroll i Sogndal. Føraren blei framstilt for blodprøve, og vedkommande hadde ikkje førarkort. 

Ambulansen og politiet rykte ut til ein bustad i Sogndal natt til søndag. Ein person hadde tatt seg inn i bustaden og spydde ned toalettet. Personen blei køyrt heim av politiet. 

Til toppen