STORSLÅTT NATUR: Med gode temperaturar er det framleis mogleg å ta seg ein tur ut i storslått natur. Her er Avdalen gard. Foto: Arkiv.
STORSLÅTT NATUR: Med gode temperaturar er det framleis mogleg å ta seg ein tur ut i storslått natur. Her er Avdalen gard. Foto: Arkiv.

Dette skjer i haustferien

For mange er haustferien etterlengta fridagar i det haustmørket byrjar å trenge seg på, men for andre er det ein sjanse til å oppleva nye ting eller gjenskape gamle minner.

For mange er haustferien etterlengta fridagar i det haustmørket byrjar å trenge seg på, men for andre er det ein sjanse til å oppleva nye ting eller gjenskape gamle minner.

Skulle feriedagane bli litt vel tomme, er det mykje som skjer i Årdal og Lærdal som du kan fylla tida di med, anten du er liten eller stor.

Del dine haustferiebilete med andre på Instagram. Bruk #mittporten når du legg ut biletet. Hugs å følgja @NettavisaPorten på Instagram

Sjå ut vindauget

Nei, du skal ikkje sitja i ein stol og sjå ut vindauget, men sjå deg rundt. Både i Lærdal og Årdal er det fleire flotte turmoglegheiter, og dei er faktisk rett utanfor døra di.

Med 15-16 grader i lufta har snøen framleis ikkje nådd toppane som omkrinsar bygdene, og difor er det ypperleg med ein tur til fjells til dømes.

Trond Øyen Einemo, som er leiar i Lærdal Turlag, har flust med turalternativ i Lærdal.

– Det er nok å ta av over heile dalen. Det er turar på alle sider, både lette og og tunge, seier han til Porten.no før han ramsar opp tre fine turar som passar familien best.

– Nede på Øyri, så er Mjølkeflaten ein fin tur. Og så har ein Bjådnbausadn på Ljøsne, og lenger oppe i dalen Vindhella. Dette er turar der ein ikkje treng å vera godt trent eller treng spesielt med utstyr.

Einemo fortel at turlaget i Lærdal opplever eit aldri så lite generasjonsskifte, der turgåarane blir stadig yngre, og han er klar på kvifor folk bør koma seg ut.

– Det har både med at me har ein fantastisk flott haustnatyr generelt her på Vestlandet. Det hjelp på humør og psyke, og ein blir i betre form. Alle gode ting i tre, ler han.

– Aldersgrensa kryper stadig nedover. Her er det fritt og ope for alle, og samtlege blir mottekne med opne armar. Men det er fint å ha med dei eldre også, for dei har mykje å fortelja når det gjeld historie om turen og nærområdet.

Også i Årdal er det nok av turmoglegheiter å velja mellom. Vetti Gard, Avdalen, Nystølen og Grisehagen er fine turar som passar for dei fleste. 

Framleis mogleg å fiska

Skulle ein tur bli for keisam, kan du ta med deg fiskestanga. Plussgradene gjer at ein fint kan reisa i eit fjellvatn og prøve lukka, anten det er snakk om å dra oter, fiske med sluk eller kanskje til og med flugefiske.

Sjølv om elvene er stengde, kan du framleis fiska i dei fleste vatn på fjellet. Det kan vera lurt å sjekka om det er lov å fiska i det vatnet du har tenkt deg i, men det er svært få ein blir nekta tilgang til.

Hugs fiskekort!

Ta deg ein svømmetur

Viss ikkje landlege aktivitetar freistar, kan ein alltids ta seg ein dukkert i «haustvarmen». I Årdalshallen er bassenget opent fire gangar i veka. Tysdag, laurdag og søndag er det stengt.

Dei dagane det er opent, kan kven som helst bada frå 13.00 til 18.45. Resten av kvelden er det berre for vaksne måndag, onsdag og fredag. Torsdagane er det berre for damer. 

Les ei bok eller sjå ein film

Ferie er ofte tida for bøker, og biblioteka i Årdal og Lærdal har mange titlar å by på. I Lærdal har biblioteket ope måndag til torsdag, medan i Årdal er det stengt på måndagane og ope på fredagane. 

Viss du ikkje vil lesa boka på biblioteket, kan du ta med deg den på café og nyta ein kaffi og eit kakestykka til dømes. Føretrekk du å driva med handarbeid medan du drikk kaffi, arrangerer Seimsdal ungdsomlaget handarbeidskafé i ungdomshuset i Seimsdalen 8. oktober.

Dersom du likar best å få historier fortalt gjennom TV-skjermen, går det fleire filmar i haustferien. I Årdal sender dei blant anna «Haram», «Flink pike» og «Frøken Julie», medan i Lærdal sender dei «En trettimeters reise».

Elles arrangerer Lærdal Golfklubb seniorgolf den 7. og 9. oktober, så her blir moglegheit til å gå nokre rundar før snøen hindrar deg i det.

Når du først er i området, kan du også ta deg ein tur innom motorikkparken, der det er aktivitetar for heile familien.

Støtt dei lokale laga

Sjølv om mange har haustferie, er det framleis mykje som rører seg i idrettens verd. Laurdag er det full rulle i Årdal når Årdal først tek imot Skarbøvik på Jotun stadion før Jotun får besøk av Stord i Årdalshallen.

Årdal tok tre meget viktig poeng borte mot Tertnes i helga, og med siger mot Skarbøvik kan dei langt på veg ha sikra plassen i tredjedivisjon. Difor treng dei din støtte denne dagen. Dessutan spelar Årdal 2 mot Fjøra på Jotun krøllgras klokka 19.00 måndag kveld.

Det same gjer sjølvsagt handballdamene, som fekk seg ein opptur med to poeng mot Os i førre runde.
 

Til toppen