Indre Sogn: Sjølv om jula for dei fleste er ei hellig familiestund, byrjar dei nervøse rykningane ganske tidleg å melda seg hos dei sosiale blant oss. Heldigvis er romjula ei tid der det skjer ein god del som du kan slenga deg med på.
I Sogn er det både fotballturneringar, juletrefestar, konsertar, quizar og ei heilt spesiell kortturnering i dagane som kjem. Utover lista under, vil dei filminteresserte finna mykje spennande på kinoprogrammet og dei fotballgalne ei rikhaldig liste Premier League-kampar på den lokale puben.
Har me gløymt noko (det har me heilt sikkert), så er det berre å tipsa oss på tips@porten.no.
Onsdag 27. desember
- Grendacup i Tangenhallen på Årdalstangen, klokka 11.00
- Romjulstreff under Skåri med Utladalen Naturhus og Barnas Turlag, klokka 14.00
- Juletrefest i Flåm, klokka 17.00
- Juletrefest i Nortun regi av Norum songlag, klokka 17.00.
- Ludvig i ord og tonar i Årdal kulturhus, klokka kl 19.00
- Romjulsquiz på Postaabneriet Pub og Cafe i Lærdal, klokka 20.00
Torsdag 28. desember
- Juletrefest i Gaupne på bedehuset, klokka 17.00
- Romjulspub på Kolonialen i Skjolden, klokka 21.00
- Allmennquiz på Samhold i Øvre Årdal, klokka kl 19.00
Fredag 29. desember
- Grendacup i Sognahallen, Sogndal
- Juletrefest i Ungdomshuset i Seimsdalen i Årdal, klokka 17.30
- Romjulsquiz på Klingenberg Hotell på Årdalstangen, klokka 19.00
- Livemusikk med Robert Hansen på Lærdalsøren hotell i Lærdal, klokka 21.00
- Free Birds på Klingenberg Hotell på Årdalstangen, klokka 23.00
Laurdag 30. desember
- Årdalsråven på Samhold i Øvre Årdal, klokka 11.00. Første utgåve av årdalsmeistarskapen i kortspelet Råv.
- RomjulsJam! på Kafè Krydder i Sogndal, klokka 19.30
- Club 25 med HIT DUO på Bakeriet i Øvre Årdal, klokka 22.00