Årdal: I førre veka deltok ordføraren i Årdal på landsmøtet til Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK). Der kom det fram at ordningane som sikrar vasskraftkommunar inntekter frå eigedomsskatt, er under press.
Tilbake i 2015 sendte finansminister Siv Jensen (Frp) eit forslag om endringar i eigedomsskatten på arbeidsmaskiner i verk og bruk ut på høyring. Endringane vil medføre inntektstap i millionklassen for kommunar i Sogn som Luster, Lærdal, Årdal og Aurland.
Sidan då har saka stått heilt i ro, lagt i ei skuff og er ute av mediebiletet. Det tykkjer ordføraren er synd.
– Slik me ser det, burde dette vera eit tema. Det handlar om velferda i dei kommunane som har desse inntektene i dag. For oss er dette eit tema, men det er ikkje alle emne som kjem like godt fram. Inntektene me har er så store at viss dei blir tukla med, så betyr det store utfordringar, seier Lægreid.
Voldsomt press
Nyvalt leiar i LVK, Torfinn Opheim, seier på fleip at han er nøgd så lenge saka får lite merksemd, men innser at det er ein viss fare for at det også kan tene regjeringspartia i valkampen.
– Gjennom dette forslaget har dei signalisert kva politikk dei ønskjer. Me er glade for at det ikkje har skjedd noko, men når presset frå næringa er så stort, vil ideen veksa lenger fram. Me har gitt klare uttalingar i saka, og det var ei sterk mobilisering frå medlemskommunane då dette forslaget kom, fortel Opheim, som stadfestar at ordningane er under press.
– Næringa, både industrien og samleorganisasjonen, er veldig på og legg eit voldsomt press. Konsekvensane vil vera formidable for kommunane dersom ein fjernar eigedomsskatt på verk og bruk under eitt.
Gir tilbake til lokalsamfunnet
Tilbake i Årdal meiner Lægreid det berre skulle mangla at dei som bygger kraftanlegg og store bedrifter gir noko tilbake til lokalsamfunna, som har gitt dei lov til å utnytta kraftressursane.
– Men me har oppfatta at desse ordningane er under press med Høgre/Framstegsparti-regjeringa. Det meiner me blir heilt med tanke på lokalsamfunna som må leva med desse naturinngrepal, legg han til.
– Får regjeringa halde fram, fryktar me at ordningane vert sett under ytterlegare press.