UOVERSIKTLEG: Rot og anleggsarbeid pregar inngangsområdet før vikinglandsbyen. Det gjer at turistane slit med å finne fram til den nye turistattraksjonen. Foto: privat.
UOVERSIKTLEG: Rot og anleggsarbeid pregar inngangsområdet før vikinglandsbyen. Det gjer at turistane slit med å finne fram til den nye turistattraksjonen. Foto: privat.

Dette synet møter vikingturistar i Gudvangen

​– Folk blir sjokkerte når dei kjem inn og får sjå ein ferdig by, seier høvdingen sjølv.

Aurland: Vikingentusiast Tone Ringkjøp Stustad frå Lier var i Gudvangen då ho la merke til at det kom få folk innom den nye vikinglandsbyen, bortsett frå dei faste turistbussane.

– SYND: Viking Tone Ringkjøp Stustad meiner perla Gudvangen ikkje kjem til sin rett med alt rotet og den dårlege tilkomsten til vikinglandsbyen.
– SYND: Viking Tone Ringkjøp Stustad meiner perla Gudvangen ikkje kjem til sin rett med alt rotet og den dårlege tilkomsten til vikinglandsbyen.

– Eg køyrer bubil sjølv og er alltid på jakt etter plassar å stoppe, så eg synst det var litt merkeleg. Så gjekk eg ein tur for å sjå plassen med turistauger, for å prøve å finne årsaka, seier ho.

Les også: Dei ser etter medborgarar til vikinglandsbyen

Turistane finn ikkje vegen

Det ho såg var høge bussar og trailerar som sperra utsikta til både fjorden og vikinglandsbyen, samt mykje rot og uoversiktleg tilkomst inn til den nye turistattraksjonen i bygda. 

– Det er kjempesynd, for det er eigentleg eit nydeleg stad, seier ho.

Les også: Are you ready for battle?!

Også vikinghøvdingen Georg Olafr Reydarsson Hansen er frustert.

– Vi får meldingar frå turistar fleire gonger om dagen at dei ikkje finn vegen til oss. Det synst vi er slitsamt, seier han. 

Han meiner fleire, inkludert dei sjølve, må dele ansvaret for at inngangen til landsbyen mest ser ut som ein byggjeplass. Vikinghøvdingen er ikkje den som hyttar med peikefingeren. I staden ber han om ei hjelpande hand.

– Kven som skal skuldast for noko, det har eg ikkje lyst til å uttala meg om. Vi ber alle, kommunen, kajakkfolket og vegvesenet om hjelp til å bli meir synlege og lettare tilgjengelege. Vi meiner ikkje å kritisere nokon, vi berre ber høfleg om hjelp, seier Hansen.

FRUSTRERT HØVDING: Vikinghøvding Georg Olafr Reydarsson Hansen ber om ei hjelpande hand slik at vikinglandsbyen skal bli meir synleg og lettare tilgjengeleg.
FRUSTRERT HØVDING: Vikinghøvding Georg Olafr Reydarsson Hansen ber om ei hjelpande hand slik at vikinglandsbyen skal bli meir synleg og lettare tilgjengeleg.

Ordføraren: – Klar over situasjonen

Det einaste lille stikket han kjem med går på at kommunen kunne ha jobba kjappare. 

– Vi veit at ting kjem til å bli betre, men det hadde vore hyggjelegare om det vart gjort før sesongen byrjar. I ein reiselivskommune, så burde reiselivet bli prioritert, seier Hansen.

Ordførar Noralv Distad i Aurland seier dei er klar over situasjonen og at dei vil kome vikingane i møte dersom det er noko kommunen kan hjelpe med. Han seier tilkomsten er god for dei som kjem over gangbrua frå fjordsida, men at dei som stoppar på bensinstasjonen nok vil møte nokre hinder på vegen.

– Anleggsvirksomheiten som er der gjer at det per i dag er litt kronglete tilkomst. Det er nok utfordrande. Viss det kjem initiativ til kommunen om konkrete tiltak, så får vi berre sjå på det, seier Distad.

– UTFORDRANDE: Ordførar Noralv Distad seier kommunen er klar over situasjonen og er klar til å sjå på konkrete tiltak som kan lette situasjonen.
– UTFORDRANDE: Ordførar Noralv Distad seier kommunen er klar over situasjonen og er klar til å sjå på konkrete tiltak som kan lette situasjonen.

Ordføraren støttar bensinstasjonen

Fleire har etterlyst betre skilting frå Europavegen like ved. Der seier ordføraren det må søkast om hos vegvesenet på vanleg måte.

– Viss dei søker om det så håper eg det blir innvilga. Det er viktig at det blir skilta til attraksjonar, seier ordføraren.

Når det gjeld situasjonen med bussar og lastebilar på området ved bensinstasjonen er situasjonen litt meir komplisert. Der er det reguleringsplanen som definerer spelereglane.

– Bensinstasjonen har vore der sidan Gudvangatunnelen kom for vel tjuefem år sidan og er ei etablert og viktig bedrift for Aurland og ein viktig service for vegfarande. Desse bedriftene må kunne leve godt ved sidan av kvarandre, seier ordføraren.

Til toppen