MAKABERT: Leiaren i ettersøksgruppa i Gulen har aldri før opplevd at skadeskyting av hjort ikkje blir meldt frå. Denne kalven må ha lidd stort før han vart avliva.
MAKABERT: Leiaren i ettersøksgruppa i Gulen har aldri før opplevd at skadeskyting av hjort ikkje blir meldt frå. Denne kalven må ha lidd stort før han vart avliva. (Foto: Thomas Stølen)

Dette synet møtte ettersøksgruppa

Ein hjort i Gulen gjekk fleire dagar med skadeskoten kjeve, utan at dei skuldige melde seg.

Gulen: Tidlegare i veka fekk ettersøkslaget i Gulen tips om ein skadeskoten hjort. Det var NRK Sogn og Fjordane som først melde saka.

– Det var ein bilførar som såg den då den kom tilfeldig ned i vegen. Han melde frå til politiet, som melde frå til oss, seier leiar Roar Elnes i Gulen ettersøkslag til Porten.no.

Sidan bilføraren hadde gitt dei ei ganske nøyaktig plassering, tok tok det ikkje lang tid før dei fann dyret.

– Me såg at eit skot hadde truffe og øydelagt heile underkjeven, seier Elnes. 

Hjorten lir fryktelig mykje

Kven som står bak veit han ikkje. Elnes veit heller ikkje om saka vert etterforska.

– Me har avtalar med jegerar i heile Gulen kommune om at dei skal melda frå om skadeskyting. Ingen har meldt frå til oss direkte enno, seier han.

Elnes meiner saka er alvorleg.

– Ein sånn skade gjer at hjorten lir frykteleg, seier Elnes.

Elnes har vore med i ettersøksgruppa i over 20 år. Skadeskyting skjer sjeldan. At ingen melder frå er enno sjeldnare

– Det er første tilfelle så lenge eg har vore med, seier han.

Til toppen