HÆRVERK: Motvekter som eigentleg skal nyttast til 3 mot 3-baner, har blitt kasta rundt på plassen ved Jotun krøllgras i løpet av helga. Foto: IL Jotun.
HÆRVERK: Motvekter som eigentleg skal nyttast til 3 mot 3-baner, har blitt kasta rundt på plassen ved Jotun krøllgras i løpet av helga. Foto: IL Jotun.

Dette synet møtte idrettslaget etter helga

Motvekter var kasta rundt på plassen ved Jotun krøllgras.

Øvre Årdal: I løpet av helga har ein eller fleire hatt det moro med motvektene, som eigentleg skal nyttast til 3 mot 3-banene til IL Jotun. Måndag låg desse strødd på plassen ved sidan av bana.

FRUSTRERT: Arne Håkon Laberg let seg frustrere av hærverket. Arkiv
FRUSTRERT: Arne Håkon Laberg let seg frustrere av hærverket. Arkiv

– Me har nettopp hatt dugnad i boden og sette mellom anna ut ein printer. Denne skal riktig nok kastast, men den har dei smadra. Mest truleg har dei kasta motvektene oppå, seier Arne Håkon Laberg i idrettslaget.

Facebook-sida til IL Jotun har dei lagt ut bilete av hærverket og etterlyser opplysningar som kan føre til at syndarane blir tekne.

– Motvektene hadde me stilt fint opp for å ha det ryddig og greitt, men det får altså ikkje stå i fred, seier ein frustrert Laberg.

Han meiner slik hærverk er forkasteleg.

– Her er det folk som jobbar frivillig for å halde anlegget i god stand slik at me skal ha det fint rundt oss når me held på med aktivitetar. Å rydde opp etter hærverk er ekstra kjedeleg, og det fører ikkje fram. Det tar litt gløden frå oss vaksne som driv på med dette, legg han til.

Konsekvensen av slike hendingar, kan bli at ein må låse inn alt mogleg av utstyr. Det gjer at utstyret blir mindre tilgjengeleg. Laberg håpar foreldre vil ta seg ein prat med barn og unge om hærverk.

– Det er klart at dette kan vere ei eingongshending, men me har sett tidlegare at det er heilt naudsynt å ta desse samtalane og forklare kor alvorleg dette er til dei som er med på å gjere slikt. 

Til toppen