TRASIG SYN: Det var eit trasig syn som møtte barnehageungane i Einehaugen barnehage måndag. Dei fekk sjå at nokon i løpet av helga hadde drive hærverk på det populære uteområdet. Foto: Tilsett i barnehagen.
TRASIG SYN: Det var eit trasig syn som møtte barnehageungane i Einehaugen barnehage måndag. Dei fekk sjå at nokon i løpet av helga hadde drive hærverk på det populære uteområdet. Foto: Tilsett i barnehagen.

Dette synet møtte ungane då dei kom til leikeområdet

– Me vart veldig skuffa. Dette er eit område me er veldig krye og stolte over, seier styrar i Einehaugen barnehage Solveig Hunshammer.

Årdalstangen: Då barnehageungane og dei vaksne kom til det populære uteområdet sitt Trollkroken måndag, var det eit trasigt syn som møtte dei.

I løpet av helga hadde ein eller fleire personar rasert området og drive hærverk. Dei hadde mellom anna teikna på skiltet og bytt ut ord slik at det stod Einehaugen «homsehage» i staden for barnehage. 

– Me vart veldig skuffa. Dette er eit prosjekt me har laga i samarbeid med foreldra og er laga på dugnad. Det må ha skjedd i helga, anten laurdag eller søndag. Dette er eit område me brukar nesten dagleg. I går kom dei skuffa ned att den gjengen som hadde vore der oppe, fortel Hunshammer. 

Artikkelen held fram under biletet.

BRUKT TUSJ: Dei som har gjort hærverk har hatt med seg tusj og mellom anna tatt vekk ein del av ordet barnehage og bytta ut med «homsehage».
BRUKT TUSJ: Dei som har gjort hærverk har hatt med seg tusj og mellom anna tatt vekk ein del av ordet barnehage og bytta ut med «homsehage».

Bidrag frå foreldra

At dei har hatt med seg sprittusj, er eit teikn på at dette var heilt bevisst, trur ho. I tillegg til å teikne på ting, hadde den eller dei også øydelagt ein stolpe til porten som hindrar at sauer skal koma inn om sommaren. 

Grillen eller omnen som er laga til var også øydelagt, men dette reknar dei med å klare å fikse. 

ØYDELAGD: Omnen som er bygd opp var også øydelagd.
ØYDELAGD: Omnen som er bygd opp var også øydelagd.

– Me har hatt tre dugnader, og det er foreldrene som har spandert dette her. Me har ikkje hatt nokon utgifter, så det er heilt trasigt. At nokon kan gjere noko slikt, utan mål eller meining. 

– Ungane vart veldig triste då dei såg dette. Då dei kom, såg dei at gjerdet var nede og at nokon hadde skrive på skiltet. Me skjerma dei sjølvsagt for det som stod på skiltet. Dette er ein plass dei likar svært godt. Me har aldri med oss leiker opp hit fordi dei finn på alt mogleg. No må me byrje på nytt og reparere, så kan ein stille seg spørsmålet om det er vits dersom dette skjer igjen, seier Hunshammer. 

Ber skyldige melda seg

Styraren i barnehagen seier dei ikkje kjem til å melde hærverket til politiet, men at dei no skal spørje naboane om dei har sett noko. 

– Og me oppmodar dei som har gjort dette om å melda seg. Då kan dei koma ned i barnehagen, så reknar eg med me kan ordna dette på ein gode måte og reparere dette. Me er vande til hærverk, men når leikeapparat blir øydelagt er det FDV i kommunan som fiksar. Dette må me ta sjølve. 

Til toppen