NYTTÅRSPRAT: Porten.no har slått av ein liten nyttårsprat med ordførarane i Sogndal, Aurland og Lærdal. 
NYTTÅRSPRAT: Porten.no har slått av ein liten nyttårsprat med ordførarane i Sogndal, Aurland og Lærdal. 

Dette tenker ordførarane om 2017

Korleis vil ordførarane sjølv summere opp 2016, og kva mål har dei eigentleg for 2017?

Noralv Distad, ordførar i Aurland kommune

Korleis vil du summere opp 2016 for Aurland kommune?
–  2016 har vore eit svært positivt år for Aurland, med mykje positivt å sjå attende på. Det viktigaste er likevel auka i folketalet og eit særs godt år for næringslivet. Spesielt gjeld dette reiselivet, og eg kan nemne Flåmsbana som har passert 900 000 reisande og den store auka me har hatt for hotell og camping i kommunen. I tillegg har aktiviteten på fjorden auka monaleg, og så har me jo fått Vision of the fjords i drift.

Kva tankar har du om 2017?
–Når ein tenker framover i desse tider vert det naturleg å tenke på kommunesamanslåing og dei strukturelle endringane me har føre oss. Aurland som kommune ynskjer å stå åleine, men me har innsett at samarbeid er naudsynt. Då spesielt med tanke på nabokommunar og samarbeid kring tenestar. Elles er det eit lensmannskontor me har lyst å kjempe for, samt betre ambulanseberedskapen i kommunen.

Noralv Distad
Noralv Distad

Kva vert dei største utfordringane, og korleis skal dykk løyse desse?
–Det er litt vanskeleg å seie kva som kjem til å bli dei største utfordringane allereie no. Me ynskjer å leggja til rette for at ein har vekst i folketalet og gode tenestar i kommunen, og dette kan naturlegvis by på utfordringar. Det viktigaste i ein kommune er å yte gode tenestar, og sjølv om Aurland jamt over gjer dette, er det framleis mykje å gripa tak i.  Me kjem mellom anna til å ha fokus på omsorgsbustadar, og samarbeid med andre kommunar om førebygging retta mot unge. For å løyse desse utfordringane må me gjere grep om prioriteringar og halde fokuset på det me prioriterer.

Kva mål har du for det komande året?
–  Det viktigaste er å halda fram veksten i næringslivet og vekst i folketal. Aurland kommune er ein kommune i framgang, og me merkar at det er mykje lettare å arbeide for ein kommune i framgang.

Kvar ser du Sogn og Fjordane om fem år?
–Spanande! 2016 har vore eit fantastisk år for Sogn og Fjordane med den største stigninga i folketal, rekordlåg arbeidsløyse og mykje spanande innanfor næringslivet. Om fem år vonar eg at Sogn og Fjordane er slått saman med Hordaland, då fylkesgrensa er eit unaudsynleg hindring. Eg meiner at Sogn og Fjordane kan dra nytte av å bygge ein ny og større region saman med Hordaland, og at Sogn og Fjordane uansett kjem til å behalde identiteten sin.

… og ei lita helsing til innbyggjarane i Aurland?
–Då må eg fyst seie at innbyggarane i Aurland imponerer meg! Dei har positive haldningar og er utruleg flinke til å arbeide frivillig. Tusen takk for alt dykk betyr for kommunen, det er innbyggarane som er den store drivkrafta!

 

Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal kommune

Korleis vil du summere opp 2016 for  Sogndal  kommune?
–2016 har vore eit innhaldsrikt år for Sogndal kommune, der mange ballar har vorte kasta i lufta. Strukturane i samfunnet har vore i endring, og me har brukt mykje energi på ei kommunereform som har gjeve lite resultat. Lokalsamfunnet har vore i positivt utvikling, og då tenker eg særleg på arbeidsplassutviklinga. Det har også skjedd mykje spanande innanfor samferdsel og aust-vest koplinga knytt til hovudsambandet.  Me har hatt mange flotte kulturelle opplevingar, Sogndal fotball har klart seg godt og eg er nøgd med korleis krevjande situasjonar har vorte handtert.  

Kva tankar har du om 2017?
– Eg har eit von om at ein i 2017 kan samarbeida betre mellom kommunane med tanke på strukturane som er i endring. Kva type næring som er framtredande er i stadig endring, noko som også påverkar arbeidsplassane. Me må bu oss på ei samfunn i endring, og dersom me klarar det vil me lukkast. Eg er innstilt på endring, og eg trur framtida for Sogn og Fjordane er positiv!

Jarle Aarvoll
Jarle Aarvoll

Kva vert dei største utfordringane, og korleis skal dykk løyse desse?
– Den største utfordringa ver truleg arbeidsplassutvikling. Men me har også strukturendringane som kan by på utfordringar, både med tanke på kommunereform, regionreform og politireform. Utfordringar vil det alltid vere, men det er korleis me klarar å løyse dei som er nøkkelen.

Kva mål har du for det komande året?
–  Måla for 2017 må vere å halda fram den positive utviklinga ein ser i kommunen, og i større grad verte eit lokalsamfunn der alle vert sett. Eg vil at alle skal kunne bu og trivast i Sogndal kommune. Det er mange ressursar i eit lokalsamfunn ein ikkje ser, det er ikkje alle som tek like stor plass som meg. Draumen er difor eit lokalsamfunn der ein ser alle og at alle bryr seg.

Kvar ser du Sogn og Fjordane om fem år?
–Eg trur at havbruksnæringa vil vere viktig, og at energiutnyttinga i kraftkommunar vil få nye marknadar. Eg trur også at bustadattraktiviteten i Sogn og Fjordane vil verte enda større, og at det vil vere mange strukturelle endringar i offentlege arbeidsplassar. Eg meiner at ungdommen set premissar for lokalsamfunnsutviklinga, og at ungdommen difor er vesentleg når ein snakkar om samfunnsutvikling. Sjølv er eg med i ungdomsrådet i Sogndal, og tykkjer det er veldig kjekt å sjå så mange engasjerte og flinke ungdommar.

… og ei lita helsing til innbyggjarane i Sogndal?
–  Då vil eg gjerne ynskje alle innbyggarar i Sogndal eit retteleg godt nyttår! Ta godt vare på kvarandre og gjer gjerne noko som gler andre!

 

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal kommune

Korleis vil du summere opp 2016 for Lærdal  kommune?
–  For Lærdal kommune har 2016 vore eit år der me på ein måte er ferd med å kome attende til normal situasjon etter alt kommunen har vore gjennom dei siste åra. Det har vore eit ganske roleg år, men med ei regjering som innfører enorme reformar har me likevel hatt store utfordringar. Ein ser no eit reform Noreg som ein aldri før har sett, og det er mykje å ta stilling til. Det skjer mykje på nasjonalt nivå, samstundes som ein skal ta stilling til kommereform, regionreform og politireform.  Me har brukt mykje tid på reformar, utan at det har gjeve resultat.

– Politireforma har bydd på særlege utfordringar lokalt, då den ikkje er ei ynskja reform for eit lokalsamfunn. Lærdal kommune ynskjer ikkje å slost med andre kommunar om ressursar, og innstillinga om at lensmannskontoret mest truleg skal ligge i Lærdal, er ein siger med bismak. Sjølv meiner eg at alle skal ha politiet nær seg.

– Elles har me hatt to store lokale politiske saker dette året, skulenedlegging og eit vedtak om å bygge for 60 millionar innan pleie og omsorg. Skulenedlegginga var ei utfordrande, stor og tung sak, med mange kjensler knytt til avgjerdsla.

- Kva tankar har du om 2017?
– Eg veit i alle fall at eg skal gjere mitt beste for at økonomien skal vere tilpassa den situasjonen Lærdal kommune er i no. Dette tyder å stille inn drifta etter pengesekken, samstundes som ein skal styrke lokalsamfunnet. Det er viktig å bidra til utvikling og vekst i regionen, og eg kjem til å gjere alt eg kan for å få til eit regjeringsskifte til hausten. Eg ha rett og slett fått nok av dagens regjering, så eg kjem til å nytte mykje tid på valkampen. Det er viktig for meg å drive god valkamp sånn at ikkje bygde-Noreg ikkje vert lagt ned.
 

Jan Geir Solheim
Jan Geir Solheim

Kva vert dei største utfordringane, og korleis skal dykk løyse desse?
– Ei stor utfordring for Lærdal kommune er at det er mange millionar som skal kuttast. Me står ovanfor ei stor oppgåve ganske tidleg på året når me skal bestemme kvar desse kutta skal gjerast. Det er ein tung og vanskeleg jobb me har føre oss, men det må gjerast.
 mange millionar ein skal kute, bestemme kvar, bestemme tidleg på året. Alltid vanskeleg. Tung jobb som må gjerast.

Kva mål har du for det komande året?
 – På same måte som tidlegare har me mål om folkevekst og om å skape nye arbeidsplassar. Det største målet er truleg å få ein kommuneøkonomi i balanse og lande nokre næringslivsprosjekt. Eg vonar også at me i løpet av 2017 vil begynne å sjå resultat av omstillingsarbeid som har vorte gjort i kommunen.  Eg vonar også at me kan få til meir samarbeid på tvers av grenser og meir fokus på det grøne skiftet.

Kvar ser du Sogn og Fjordane om fem år?
–  Om fem år er Sogn og Fjordane eit sterkt, sjølvstendig fylke med fleire innbyggarar og fleire arbeidsplassar innan det grøne skiftet. Det er enorme moglegheiter innanfor det grøne skiftet til å erstatte oljerelaterte arbeidsplassar, og no er det vår tur. At Sogn og Fjordane er eit sjølvstendig fylke er eg ikkje i tvil om.

… og ei lita helsing til innbyggjarane i Lærdal?
–  Eg er veldig stolt av innbyggarane i Lærdal! Dei har møtt mykje motgang og vorte utsett for lokale utfordringar, men har alltid stått saman som eit sterkt samfunn! Veldig mange er flinke til å stå på med frivillig arbeid, og lærdølene generelt er inkluderande og tek godt imot andre. Eg er stolt over å vere ordførar i denne flott bygda!

Porten.no har diverre ikkje lukkast i å få kontakt med ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Til toppen