Meiningar: Ein 17. mai utan korpsmusikk i ei eller form trur eg er utenkjeleg for dei fleste. Sikkert for nokon, eg ser den. Men for dei mange so er det noko utenkjeleg. Men går det an for korps å spela 17. mai? Klart det, men marsjering vert ei stor, nesten umogeleg, utfordring. Men musikken kan høyrast.

Kva skal då til for å få ei corona-17. mai med marsjar og nasjonalsangar ved kranspåleggingar, sjukeheimkonsertar, og kanskje andre stader 17. mai 2020?
Som korpsmusikant sidan cirka 1960, og dirigent dei tjue siste åra, vil eg rå krisekomitear i sognekommunane til å gjera fylgjande:
- No, fire øvingsveker før den store dagen (me øver berre èin dag i veka), treng me å få klar beskjed om korpsmusikk er ynskjeleg denne dagen, og kvar og korleis de vil tillata slikt. Me har ikkje hatt høve til å samlast etter 12. mars og dei aller fleste er utan trening. For oss har manglande øving same verknad som muskelsvinnet etter nokre dagar i senga. Me brukar magemusklar, kjakemusklar, armmusklar, fingermusklar og finmotorikken rundt truten, samt mykje hjerneverksemd, for å få fram nokonlunde brukbare tonar.
- Gjer difor óg klart for oss om me får lov til å øva med to meter avstand anten inne eller ute. Me kan ta i bruk idrettshallar, gymsalar og tomme industrihallar viss det trengst.
Ja da. Me kan øva ute, men då må det vera temperatur til det, plass til det, og stader i nærleiken av øvingplassen der foreldre kan avlevera og henta innanfor tometerregelen. Og innafor normalfritida til musikantane.
Dette treng me svar på NO, ellers vert det truleg stilt rundt om i sognebygdene søndag om fire veker.