MEKTIG: Utsynet frå Bøttejuv kan ta pusten frå kvar og ein. Foto: Halvor Farsund Storvik
MEKTIG: Utsynet frå Bøttejuv kan ta pusten frå kvar og ein. Foto: Halvor Farsund Storvik

Dette utsynet er «krydder» for reiselivssatsinga her..

Har du stått på eit utsynspunkt i Årdal, Lærdal eller Aurland og tenkt at dette må vera vel så bra som Preikestolen? Du har rett, men over 250 000 turistar årleg vil neppe finna turen hit.

Årdal/Lærdal/Aurland: – Ein kan gjerne seia at Sognefjorden og områda rundt er meir komplett, seier Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Stopp ein tilfeldig på gata i Oslo, Bergen eller kvar som helst elles i landet og spør om han eller ho har høyrd om Preikestolen. Vedkomande vil truleg svara noko slikt som «Sjølvsagt, kva trur du om meg?».

Spør så: «Kva med Bøttejuv?». Svar: «Bøtte-kva-for-noko». 

– Ein må hugsa at Preikestolen vart vald ut som ikon i reiselivssatsinga rundt Stavangerområdet. Ei bevisst satsing som er jobba med i over tjue år. Tung marknadsføring og storstilt utbygging av infrastruktur i form av merking, skilting, parkeringsplassar, toalett og så vidare, seier Brandshaug.

Fire fyrtårn som dreg merksemd

Så kvifor køyrer han ikkje i gang apparatet og får til liknande med til dømes Bøttejuv eller Torsteinen?

– Fordi me allereie har merkevara Sognefjorden. Me har den største isbreen og dei høgaste toppane tilknytt fjord. Dette har vore isbrytaren for reiselivet her i regionen. Så kan me senda turistane på vandreturar rundt om i kommunane når dei først er komne hit. I Stavangerområdet har dei først og fremst hatt Preikestolen å spela på. Det vart deira isbrytar.

Likevel blir Bøttejuv og Torsteinen no satsa på, berre i mindre omfang og på anna vis enn Preikestolen.

Artikkelen held fram under biletet

SEGN: Torsteinen har namnet sitt etter ei segn som seier at trolla Tor og Trombe kappast om ei jente og skulle avgjera kven som fekk henne ved å kasta kvar sin store stein over dalen. Tor vann ettersom steinen han kasta hamna drygt 1200 meter over havet, medan Trombe sin stein landa i dalbotnen like ved elva. No er Torsteinen mest kjend som turmål og utsynspunkt.
SEGN: Torsteinen har namnet sitt etter ei segn som seier at trolla Tor og Trombe kappast om ei jente og skulle avgjera kven som fekk henne ved å kasta kvar sin store stein over dalen. Tor vann ettersom steinen han kasta hamna drygt 1200 meter over havet, medan Trombe sin stein landa i dalbotnen like ved elva. No er Torsteinen mest kjend som turmål og utsynspunkt.

Fyrtårnsatsinga til Visit Sognefjord fokuserer nemleg på fire områder i Indre Sogn. Toppen «Keipen» i Balestrand og Aurlandsdalen - som er bidraget frå Indre Sogn i den nasjonale vandresatsinga. I tillegg og meir nyleg; Kongevegen i Lærdal og Årdal med Utladalen, Hurrungane og utsynspunkt som Bøttejuv eller 1000-meteren.

Les også: Slik lokkar dei turistane til Sogn

– Med fyrtårna trekkjer me merksemd. Så viser me fram sju-åtte fine vandrarruter i kvar kommune i tillegg. Slik kan me fordela turistane rundt om i kommunane når dei er her. Dessutan er vandring eit satsingsområde frå Innovasjon Norge, Fjord Norge og NCE Tourism. Dette følgjer me opp lokalt med slike vandrarruter, altså satsar me på turar i alle kommunar, seier Brandshaug.

Tek utfordringane seriøst

Ei av desse lokale rutene for Lærdal sitt vedkomande er nettopp Torsteinen, ei anna Storehaugen.

Helene Maristuen sit i ressursgruppa som fører interessene for reiselivet i Lærdal inn mot Visit Sognefjord:

– Det medfører mellom anna at turlaget skal merka og skilta vegen opp til Torsteinen betre.

– Kva tenkjer du; har ikkje steinen like stort potensiale som Preikestolen?

– Klart den har eit kjempepotensiale. Men eg veit ikkje om me ønskjer 250 000 menneske opp der i året. Grunneigarar har beitedyr og jaktinteresser, mellom anna.

– Dei utfordringane der skal me ta veldig seriøst, seier Brandshaug, og trekkjer fram Keipen i Balestrand som eit skuleeksempel der ein har gjort ting i rett rekkjefølgje; først vortne einige om satsinga med grunneigarar, så tilretteleggja, så marknadsføra.

Vaks vel fort

FYRTÅRN: Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, fortel det er fire satsingsområder som skal vera "ansiktet utad" for reiselivet i Sogn, derav Årdal, Lærdal og Aurland har eitt slikt "fyrtårn" kvar. Arkivfoto 
FYRTÅRN: Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, fortel det er fire satsingsområder som skal vera "ansiktet utad" for reiselivet i Sogn, derav Årdal, Lærdal og Aurland har eitt slikt "fyrtårn" kvar. Arkivfoto 

Nettopp dette har gått litt i ball i Odda. Her ligg det nye ikonet for utsynsturisme, Trolltunga.  Satsinga på denne starta i 2009, og skulle fungera som ei avlasting for Preikestolen.

Og talet på besøkjande har auka fort. Vel fort. 

 – Det har gått frå fem tusen før satsinga til nærare åtti tusen no. Det er ikkje fullt så tilrettelagd som turen på Preikestolen. Så populariteten har nok auka litt for fort og førd til nokre utfordringar.

NRK Dagsnytt melde denne veka at talet på overnattingsdøgn i Odda har dobla seg frå i fjor. Men hjelpemannskap frå Raude Kors har også måtte i elden 28 gonger for å få slitne, kalde, våte eller skadde turistar velberga ned.

Turane til både Bøttejuv og Torsteinen består av 1200 høgdemeter, og vil først og fremst vera «krydder» for turistar som primært kjem for å oppleva Sognefjorden, men samstundes kan tenkja seg litt meir:

– Det er ikkje slik at me berre kan visa fram nokre toppar, så kjem det åtti tusen, seier Brandshaug.  

Til toppen