MILLIONKONTRAKT: HMR-konsernet har sikra fleire kontraktar til Hydros pilotprosjekt på Karmøy. Dagleg leiar ved HMR Hydeq i Årdal, Anders Seim jr., seier kontraktane er verdt 200 millionar kroner til saman. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MILLIONKONTRAKT: HMR-konsernet har sikra fleire kontraktar til Hydros pilotprosjekt på Karmøy. Dagleg leiar ved HMR Hydeq i Årdal, Anders Seim jr., seier kontraktane er verdt 200 millionar kroner til saman. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Dette var det største målet i 2016

HMR-bedriftene på Husnes og i Årdal har sikra seg fleire kontraktar i Hydros pilotprosjekt på Karmøy. Totalt er desse verdt 200 millionar kroner.

Årdal: – Dette stadfestar to ting. Det er at me er konkurransedyktige på pris og at me er kvalifiserte for å gjennomføre slike prosjekt på ein krevjande tidsplan. Samstundes viser det også at produktutviklinga på spesielt køyretøy er i ei slik retning at Hydro vil ta i bruk det på sine mest effektive produksjonslinjer.

Det seier dagleg leiar ved HMR Hydeq, Anders Seim jr., til Porten.no. Det er avdelinga i Årdal og HMR Husnes som skal utføre desse kontraktane.

I ei pressemelding fortel selskapet at dei er stolte over at deira kompetanse blir verdsett når verdas mest energieffektive aluminiumsverk skal byggjast. 

Tryggar arbeidsplassar

Å få på plass ein slik kontrakt sikrar også tryggleik for dei tilsette i HMR Husnes og HMR Hydeq, som held til i Årdal. Tidlegare i år uttalte Seim jr. at å vinne desse kontraktane var det største målet til selskapet i 2016.

– Dette betyr at me har sikra dei neste 18 månadane i bedrifta produksjonsmessig, men samstundes skal me ta vare på alle daglege gjeremål, så me vil få det travelt utover hausten og vinteren, seier han.

– Slik det ser ut no reknar me med å gjera det med bemanningsplanen me har i dag, men sannsynleg vil det bli behov for å ta inn arbeidskraft i installasjonsperioden.

Skal levere framtidas tappesystem

Dette tilsvarar rundt 20 årsverk, noko som utgjer rundt ein tredjedel av leveransen på mellom 50 og 60 årsverk. Gjennomføringa av prosjekta er frå sommaren 2016 til hausten 2017.

I detalj skal HMR Hydeq levere framtidas tappesystem, som består av tappekøyretøy, digelfres og anna utstyr. Elles skal HMR levere straumskinnesystem som underleverandør til Siemens.

– Dette var det største målet i 2016 og gir oss endå meir energi til å driva produktutvikling på køyretøy, legg Seim jr. til. 

I tillegg er dei valde som underleverandør til Bilfinger på komplettering og montering av overbygg og fabrikasjon og installasjon av straumskinner til dei 60 omnane i Hydro sitt pilotprosjekt på Karmøy.

Viktig for lokalsamfunna

Konsernsjef Knut Prestnes seier i pressemeldinga at han er glad for at HMR vann fram i ein hard global konkurranse om desse kontraktane.

– Dette er svært positivt for lokalsamfunna der HMR-bedriftene er lokalisert, samt for alle tilsette i HMR og for ein del underleverandørar.

I år fyller HMR-konsernet 60 år, og på dei siste 50 åra har dei jobba tett mot smelteverka i Noreg, og spesielt Hydro sine verk nasjonalt og internasjonalt. 

Til toppen