TAPTE OPNINGSKAMPEN: Årdal Fotballklubb gjekk på eit seigt tap i sesongopninga mot Hallingdal. Sjølv om heimelaget var det førande laget, måtte Truls Hovland (biletet) og resten av laget sjå seg slått. Foto: Andreas Aannevik.
TAPTE OPNINGSKAMPEN: Årdal Fotballklubb gjekk på eit seigt tap i sesongopninga mot Hallingdal. Sjølv om heimelaget var det førande laget, måtte Truls Hovland (biletet) og resten av laget sjå seg slått. Foto: Andreas Aannevik.

– Dette var ein start me ikkje trengte

Det vart tap for Årdal då dei møtte Hallingdal i første seriekamp laurdag ettermiddag.

Årdal – Hallingdal 1-2

Årdal: Årdal fekk ingen draumestart på sesongen då Hallingdal gjesta Jotun stadion. Sjølv om heimelaget var det førande laget stort sett heile kampen, var det gjestane frå aust som stakk av med sesongens første tre poeng.

Truls Hovland scora mellom to Hallingdal-mål i 1. omgang. Då hadde Jonas Bergane allereie gitt Hallingdal 1-0, medan Jesper Taaje scora vinnarmålet like før pause. 

– Me er veldig lite effektive framfor mål, og sett ikkje sjansane me burde. Kampen blei prega av ein del episodar som går mot vår favør. Dette var ein start me ikkje trengte. Me hadde gode sjansar i 1. omgang som gjorde at denne kampen burde me ha vunne. Måla blir sluppen alt for lett inn, seier Ivan Øy etter kampen.

Såg raudt

Dei siste 45 minuttane vart prega av mange tøffe duellar og lite spel langs bakken. Etter kvart som 50-50-duellar vart gitt i Hallingdal sin favør av dommaren, vaks frustrasjonen hjå heimelaget.

Til slutt kokte det over for Preben Strypet som var ufin i ein duell og fekk direkte raudt kort. Den viktige spissen må dermed stå over dei neste tre kampane for dei heilraude.

Seint i omgangen skulle også gjestane få ein mann utvist. Paul Olav Brevig var heldig som unnslapp eit gult kort i ein duell med Hovland, men i staden fekk lagkamerat Erlend Hole Dokken sjå det andre gule kortet for å sparke vekk ballen.

Sjølv med ein mann mindre klarte Årdal seg bra, men då dommaren bles av kampen, hadde dei ikkje klart å få utteljing for presset.

 

 

 

 

 

Til toppen