FØRSTE OFFER: Denne villreinssimla funne i Nordfjella i april i fjor, er det første kjende offeret for skrantesjuke på rein, og første gong sjukdommen blir oppdaga i Europa. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FØRSTE OFFER: Denne villreinssimla funne i Nordfjella i april i fjor, er det første kjende offeret for skrantesjuke på rein, og første gong sjukdommen blir oppdaga i Europa. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Dette var «monsteret» sitt første offer

No ligg det an til å bli utvida og intensiv reinsjakt i Nordfjella ein eller fleire sesongar som eit første ledd i å få bukt med den fatale sjukdommen.

Lærdal/Aurland: – Det er eit slags monster me har snubla over, sa Olav Strand, villreingranskar i NINA under informasjonsmøtet om skrantesjuka i Lærdal onsdag kveld.

Sjokknyhenda som trefte jegerane var at dette monsteret på sikt vil auka i omfang så nordfjellareinen ikkje blir jaktbar, og til slutt stå i fare for å bli utrydda. Og eit skrekkscenarie i form av at sjukdommen spreier seg til andre villreinområde – og enno verre, til hjortestamma, som er umogleg å ha noko form for kontroll med.

Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), veterinær med doktorgrad i patologi og har dyrehelse i ville populasjonar som spesialfelt, synte ein modell han meiner er den beste i kampen mot sjukdommen.

Modellen går ut på å sanera heile villreinstamma i Nordfjella, lata området liggja brakk i fem år så det som måtte vera av smittestoff i grunnen blir vaska vekk, og så reetablera stamma med individ frå andre reinområde utan sjukdommen.

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

Lengre jakt, høgare kvotar og massiv prøvetaking

Men første ledd er intensiv jakt, truleg i nokre få sesongar. Her er det ikkje bestemt noko enno, men under informasjonsmøtet fortalde Sigmund Tveitehagen, leiar i Nordfjella villreinutval, korleis han trur det vil bli komande sesong:

FORTVILA: Sigmund Tveitehagen, leiar i Nordfjella villreinutval.
FORTVILA: Sigmund Tveitehagen, leiar i Nordfjella villreinutval.

– Me kan tenkja oss bukkejakt fem til ti dagar før normal jaktstart 20. august. Og me kan jakta lengre, utnytta heile jakttidsramma. Eg vil tru kvoten blir høgare. Så det ligg an til enno fleire tunge sekkar til hausten. 

Tveitehagen understreka at dette stod for hans eiga rekning ettersom desse momenta ikkje var diskuterte i villreinutval og -nemnd.

Han delte også sin spontane reaksjon på bodskapen Ytrehus kom med:

– Først vart eg forbanna. Så skjønte eg etter kvart at det var fortviling. 

Det blir naturleg nok også storstilt prøvetaking under jakta for å kartleggja førekomst og utbreiing av sjukdommen vidare.

STORT APPARAT: Erik Lund, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet. Foto Ole Ramshus Sælthu
STORT APPARAT: Erik Lund, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet. Foto Ole Ramshus Sælthu

– Alle brikkane er ikkje lagt enno og jobben blir ikkje lettare enn i fjor. Opplegget vil nok bli mykje det same, men prøvane skal merkast litt annleis - truleg blir dette enklare, sa Erik Lund, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Julie E. Grimstad, seniorrådgjevar i Mattilsynet, fortalde at det førebels er føreslege å ta 17 600 prøvar av hjortevilt i løpet av 2017 for å kartleggja vidare. Hovudsakleg er det her snakk om om lag 5000 fallvilt eller såkalla «risikodyr» og prøver som skal takast på villrein i Nordfjella og tilgrensa områder, både med villreinsstammar og hjortestammar. I tillegg blir det testa vidare i Selbu-området, der dei to elgane med skrantesjuke vart funne.

Merking og gjeting

Eit anna umiddelbart tiltak er å få isolert denne reinsstamma mest mogleg. Nordfjella er delt i to soner, der sone 1 har den største stamma på om lag 17-1800 individ. Dette området ligg mellom Rv. 52 over Hemsedalsfjellet som nordlaustleg grense og Fv. 50 Hol-Aurland som sørleg grense. Det er altså i denne sona dei tre individa med skrantesjuke er funne.

Sør for Fv. 50 er sone 2, dette området strekkjer seg til Bergensbana i sør. Her er det snakk om 4-500 individ, og ein kryssar alt ein har for at sjukdommen ikkje har nådd hit. Dette området blir også ein buffer mot Hardangervidda, landets største villreinområde med om lag 10 000 individ.

Rv. 52 er også grensa mellom reinen til Filefjell tamreinlag og den skrantesjukeråka reinen i sone 1.

–  Me prøver å isolera sone 1 så mykje som mogleg, sa Lund.

Eit tiltak her er reinsgjetarar og oppsyn – dersom rein frå sone 1 beveger seg farleg nær yttergrensene skal dei jagast tilbake inn i området. Det vil også bli merka ein del rein for å følgja individ og flokkar tettare. I tillegg merking av hjort i tilgrensande områder så ein får meir kunnskap om hjorten sin bruk av Nordfjella.

Slik vart sjukdommen oppdaga

Parallelt med dette feltarbeidet og prøvetakinga, jobbar ei rekkje instansar med å få meir kunnskap om sjukdommen. 

Sylvie Benestad, seniorforskar ved Veterinærinstituttet, fortalde korleis det heile starta i april i fjor.

SLIK STARTA DET: Sylvie Benestad, seniorforskar ved Veterinærinstituttet,
SLIK STARTA DET: Sylvie Benestad, seniorforskar ved Veterinærinstituttet,

– I samband med merking av rein i Nordfjella vart det oppdaga eitt dyr på sida av flokken som verka svært dårleg og medteke.

Dette var ei simle, og den vart sendt inn til testing i samband med helseovervakningsprogrammet for hjortevilt.

Les også: – Smittsam nervesjukdom på villrein

– Då viste det seg at den testa veldig positivt for skrantesjuke, heilt opp mot maksimalverdiane.

Med andre ord har simla gått gjennom heile sjukdomsforløpet, noko som forklarar at den var så medteken.

– Funna førte til stor internasjonal merksemd, det var medieoppslag rundt om i verda, sa Benestad og synte artiklar frå mellom anna tyske og amerikanske medier.

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Bukk skoten under jakta som var lite positiv – men positiv

Og det er altså i Amerika sjukdommen er kjent frå før; der vart den oppdaga på 60-talet og har sidan spreidd seg til 24 amerikanske statar i USA og to provinsar i Canada.

– Sjukdommen finst også i Sør-Korea, som fekk ein heller dårleg idè om å importera hjortevilt frå USA, sa Benestad.

Simla i Nordfjella var såleis første gong skrantesjuka er funne i Europa, det er også første gong den er funne på rein. 

I mai vart sjukdommen også funne på to elgar i Sør-Trøndelag, men patologiske analysar kan tyda på at dette er ein spesiell variant som har oppstått spontant, og såleis ikkje ein smittsam sjukdom på same vis som skrantesjuka på Nordfjellareinen.

For under jakta i haust vart det funne to nye villreinar med skrantesjuka i Nordfjella – ein bukk på sju år og ei simle på fire.

– Bukken var lite positiv, men altså positiv.

Les også: Enno eit tilfelle av CWD i Nordfjella

Såleis var bukken tidleg i sjukdomsforløpet og framstod som frisk, den var også i godt hald.

Artikkelen held fram under biletet

TO NYE: Den sju år gamle bukken (på biletet) og ei fire år gamal simle var dei to individa som testa positivt for skrantesjuke under jakta i haust.
TO NYE: Den sju år gamle bukken (på biletet) og ei fire år gamal simle var dei to individa som testa positivt for skrantesjuke under jakta i haust.

– Det vil bli gjort testing på om det finst gener for mottakelegheit eller resistens, sa Benestad.

Kjem sjukdommen frå skrapesjuke, importert bukkeurin eller har oppstått spontant?

Ho forklara også at det ser ut til å vera to måtar sjukdommen kan ha kome inn i Nordfjellareinen på - anten overført frå sau med skrapesjuke, som er ein beslekta sjukdom, eller ved bruk av lokkemiddel til jakt, som til dømes importert bukkeurin frå USA.

Ein tredje moglegheit kan vera at sjukdommen har oppstått spontant i eit individ, for så å ha vorte ein smittsam sjukdom. Bjørnar Ytrehus i NINA gav eit makabert døme på korleis ein slik prosess kan gå føre seg då han fortalde om sjukdommen Kuru, som oppstod i Papua Ny-Guinea.

– Stammefolk hadde rituale med å halda fest på døde stammemedlemmar der dei åt hjerna til vedkomande. Her er det skildra at dei åt hjerna til individ med Creuzfeldt – Jacob – sjukdom, og at dette i neste omgang vart til den smittsame sjukdommen Kuru.

Creuzfeldt – Jacob er den menneskelege varianten av prionsjukdommane –skrantesjuka, skrapesjuka og kugalskap ligg altså i same kategorien. Det er ikkje virus eller bakteriar involverte, men eit protein, eit prion, i hjerna som buktar seg feil. Så spreier dette seg utover i vevet.

Sjukdommen kan endra seg – vanskeleg å seia om den kan smitta til mennesker

Og om ikkje det var innfløkt nok – på lang sikt vil det i ei stamme med skrantesjuke bli slik at individ med genar som toler sjukdommen best lever lengst og fører sine gener vidare så ei stamme utviklar meir og meir resistens. Men, det er eit stort «men», fortalde Ytrehus:

– Då vil også sjukdommen parallelt endra seg og opptre i nye variantar. Det gjer at det er så vanskeleg å slå fast om skrantesjuke kan smitta til mennesker. Dette gjer det heile litt ekstra guffent. 

Samstundes er det førebels ikkje noko som tyder på at skrantesjuke smittar til menneske. Ytrehus fortalde her om ein rapport frå EFSA (European Food Safety Authority) som skildra ein spesiell situasjon frå Amerika:

– Det var ein grillfest med åtti gjester som nok var veldig kjekk, heilt til det kom fram at dei hadde ete to hjortar infiserte av skrantesjuke. I etterkant har alle åtti fått tilbod om å testa seg på alle moglege måtar. Og det har ikkje vore teikn til at nokre av dei er i ferd med å utvikla Creuzfeldt – Jakob eller andre hjernesjukdommar.

Skremmande resultat i sensitive testmetodar

Ein annan ting Ytrehus tykkjer verkar guffent, er at nye, sensitive metodar som testar andre organ og vev ser ut til å avdekka eit mykje større omfang av skrantesjuke enn kva ein avdekkjer med testing av hjernane.

Her synte han eit anna døme frå Amerika der 19 individ var hjernetesta, då slo tre positivt ut. Men med dei meir sensitive metodane slo 15 av 19 testar positivt ut.

– Me er litt usikre på korleis me skal tolka dette – er desse metodane så sensitive at resultata skulle ha vore negative? Men me veit at foster til individ med skrantesjuke blir fødde med ei veldig lita mengd «sjuke» prionar. Og utifrå resultat ein ser med dei sensitive testmetodane er det berekna at det går åtti infiserte individ i Nordfjella.

Mellom anna nemnde han at ein av desse senstitive metodane går ut på å testa avføring, og at denne metoden kan gje positivt resultat 14 dagar etter at individet er smitta, medan det ved hjernetest går 300 dagar før sjukdommen kan avdekkast.

Lund i Miljødirektoratet påpeika at dette også opna for nye moglegheiter:

– Greier me å finna det i møkk kan me miksa i hop masse møkk frå snøfenner og analysera dette.

Ein av tilhøyrarane under informasjonsmøtet, Runar Bjøberg, lurde på om det var mogleg å analysera gevir med tanke på skrantesjukesmitte. Dette ville kunne vera svært effektivt ettersom all vaksen rein feller gevir i løpet av året – bukkane seint på hausten, simlene på våren.

– Det er ein god tanke, og av tinga me skal undersøkja meir. Me veit det finst prionar i bast, men ikkje sikkert om det finst i gevir, svara Ytrehus.

Jordtypen har mykje å seia

Han nemnde også at prionsjuksdommar toler desinfeksjon og varme svært godt. Vidare at jordtypen i området har mykje å seia for kor lenge smittestoffet blir verande i grunnen.

– Jordsmonn med mykje leire fører til at stoffet held seg i grunnen lengre. Er det mykje sand i grunnen, blir stoffet vaska raskare ut. Og i Noreg har me heldigvis få områder med mykje leire i grunnen.

Pensjonert veterinær, Kåre Rudningen, som også har fartstid i Mattilsynet, leia den praktiske jobben med analyse av hovuda under reins- og hjortejakta i haust. Han fortalde om eit tiltak som kan bli aktuelt:

– At me ber jegerane registrera nøyaktig kartreferanse for slakteplassan. For det første kan me då gå tilbake og finna slakterestar der med tanke på meir testing. Og me kan overvaka slakteplassen i årevis, noko som kan seia noko om kor lenge eventuelle smittestoff blir liggjande i jordsmonnet, som igjen kan seia noko om kor lang perioden før ein reetablerer stammen må vera. 

– Bør slutta med saltsteinar, også til sau

Ein ting Ytrehus også var svært oppteken av, var at ein ikkje må stimulera til ansamlingar av hjortevilt i Nordfjella og tilgrensande områder:

– Dette er veldig viktig – ein må fjerne samlingsårsaker, som saltstein.

Tilhøyrar Oddmund Einemo spurde om det då ikkje burde bli slutt på å køyra saltstein til fjells med tanke på beitande sau om sommaren.

– Jau, det bør det absolutt bli slutt på, svara Ytrehus.

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

JAKT ETTER 15 ÅR?: Villreingranskar i NINA, Olav Strand.
JAKT ETTER 15 ÅR?: Villreingranskar i NINA, Olav Strand.

«Panelet» fekk fleire spørsmål, mellom anna kor lenge det kunne tenkjast at det ville gå før ein kunne jakta att i Nordfjella – dersom stamma blir sanert.

Dette svara villreingranskar i NINA, Olav Strand, på:

– Eg har sagt at eg kjem til å bli så drita lei av å seia «dette veit ikkje eg eller andre svaret på». Men eg har også sagt at det skal vera frisk villrein i Nordfjella når eg pensjonerer meg. Så eg seier femten år.

Til toppen