Bjørn Sølsnæs, Leikanger Senterparti.
Bjørn Sølsnæs, Leikanger Senterparti. (Bilde: Privat)

MEININGAR: Stortingsvalet

Di røyst kan avgjera heile valet

- No tel kvar røyst.

Dette valet kan koma til å bli avgjort av nokre fåe røyster i Sogn og Fjordane. Stortingsbenken vår består av fire mandat − tre distriktsmandat og eit utjamningsmandat. Medan det er sogningar og fjordingar som rår over distriktsmandata, er utjamningsmandatet del av eit nasjonalt lotteri.

Av dei tre distriktsmandata er fyrstemandatet (Sp) og andremandatet (Ap) sikre, medan det er ein svært jamn kamp mellom Steinar Ness (Sp) og Frida Melvær (H) om tredjemandatet. På målingane i sumar har Senterpartiet lege an til å vinna, men ei veke før valet ligg Høgre best an. Valet er ditt: Vil du ha regjeringsskifte eller ikkje, og vil du ha Steinar Ness (Sp) eller Frida Melvær (H) som di talerøyr inn på Stortinget dei neste fire åra?

No tel kvar røyst. Bergens Tidende melder at kampen mellom Senterpartiet og Høgre om tredjemandatet i Sogn og Fjordane er svært jamn. So jamne som dei nasjonale målingane er no, kan det vera nettopp dette mandatet som vippar stortingsfleirtalet i eine eller andre retninga og avgjer heile regjeringsspørsmålet. Kampen om dette avgjerande mandatet står no mellom Senterpartiet og Høgre i Sogn og Fjordane, med svært småe marginar. Di røyst kan koma til å avgjera heile valet − Stem Sp!

Bjørn Sølsnæs
Leikanger Senterparti

Til toppen