TIL SJØEN: Diesel har runne ut i sjøen etter ein lekkasje då ein dieseltank skulle fjernast på Hydro på Årdalstangen. Illustrasjonsfoto
TIL SJØEN: Diesel har runne ut i sjøen etter ein lekkasje då ein dieseltank skulle fjernast på Hydro på Årdalstangen. Illustrasjonsfoto

Diesel har runne ut i sjøen frå Hydro

2400 liter diesel rann ut då ein dieseltank skulle flyttast torsdag, men det er uvisst kor mykje av dette som har nådd sjøen. Fabrikksjef Wenche Eldegard trur dei skal få oppatt det aller meste.

Årdal: – Me både ser og veit at noko av dieselen har nådd sjøen, men kor mykje det er snakk om er uvisst. Me har gjort det har kunne gjera  og fulgt dei råda me har fått. Det er lagt ut lenser for å suga oppatt dieselen frå sjøen, seier fabrikksjef ved Hydro i Årdal, Wenche Eldegard.

Torsdag oppstod det ein lekkasje i samband med fjerning av ein dieseltank på Hydro sitt anlegg på Årdalstangen.

Har sett ned granskingskommitte

TILTAK: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro i Årdal fortel dei fekk sett inn tiltak umiddelbart etter diesellekkasjen og at dette har god effekt. Arkivfoto
TILTAK: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro i Årdal fortel dei fekk sett inn tiltak umiddelbart etter diesellekkasjen og at dette har god effekt. Arkivfoto

Dieselen som rann ut av tanken har gått via oppsamlingskaret rundt tanken, via oljeutskiljer til avløp, og vidare til sjøen.

– Det var ein gamal dieseltank som skulle demonterast, og det er barrierer i dette arbeidet. Så har noko skjedd som har gjort at lekkasjen har funne stad. Me konsentrerte oss mest om å setja inn tiltak for å få oppatt dieselen. Det er sett ned ein granskingskommitte for å finna ut av korleis det skjedde. Ein slik kommitte set me alltid ned ved slike hendingar, seier Eldegard.

Trur ikkje det blir store konsekvensar

– De meiner de skal få poppatt det meste som har runne ut i sjøen? 

– Det håpar og trur me. Me la ut lenser umiddelbart og ser no at dei har god effekt - desse syg kraftig. Me har vore i kontakt med NIVA som har god greie på dette, og dieselen ligg i overflata så me reknar med det ikkje blir store konsekvensar. 

Vidare fortel ho det er teke vassprøver i sjøen og at dette også vil bli gjort gjennom og over helga

Det er estimert at lekkasjen frå tanken var rundt 2400 liter diesel. Hydro jobbar også med å fjerna restar som framleis ligg i avløpssystemet.

Årdal Kommune, Kystverket og Miljødirektoratet er varsla om hendinga som skjedde klokka 12 torsdag.

Til toppen