​I RUTE: Nærpolitireforma er ei krevjande reform, men arbeidet er så langt i rute, fastslår Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i ein statusrapport for 2016. Foto: Ina Eirin Eliassen.
​I RUTE: Nærpolitireforma er ei krevjande reform, men arbeidet er så langt i rute, fastslår Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i ein statusrapport for 2016. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Difi: Nærpolitiomgrepet blir latterleggjort

– Vi må leve med namnet, men vi kunne nok kalla nærpolitireforma noko anna, innrømmer justisminister Per-Willy Amundsen (Frp).

Indre Sogn: Onsdag fekk han overrekt statusrapporten frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) om gjennomføringa av nærpolitireforma så langt. Evalueringa blir gjort på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet og går over fire år. Ei av hovudutfordringane Difi peikar på er nettopp omgrepet "nærpoliti", som i rapporten blir omtalt som krevjande.

– Det er ikkje lett å sjå at dette er ei nærpolitireform. Både tilsette i politiet, kommunalt tilsette og folk flest ser at det blir sentralisert på ein eller annan måte, sa assisterande direktør Vivi Lassen i Difi då ho overrekte rapporten til justisministeren.

I rapporten blir det slått fast at ironiseringa også går føre seg internt i politiet. Difi meiner at heile nærpolitiomgrepet har komme i miskreditt.

– Krevjande reform

Hovudtrekka i nærpolitireforma er at talet på politidistrikt blir kutta frå 27 til 12, og at 130 lensmannskontor og politistasjonar blir lagde ned.

– Namnet skjemmer ingen, men eg ser jo at det er enkelte som prøver å vere morosame rundt namnet på reforma. Men det viktige her er reforma og reformarbeidet. Kva vi kallar barnet, tenkjer eg er mindre viktig. Men eg trur nok at dersom eg skulle ha valt i dag hadde eg valt eit anna namn. Men no heiter den jo nærpolitireforma, så det får vi leve med, seier justisministeren til NTB.

Difi slå fast at nærpolitireforma er ei krevjande reform, men at arbeidet så langt er i rute, og at politiet i hovudsak har utført dei tiltaka som var planlagde.

– Men 2016 har først og fremst vore eit år for planlegging. Vi må litt lenger fram i tid før vi ser effektane av den, sa Lassen.

Stor skepsis

Politiforum offentleggjorde onsdag ei undersøking som viser at eit stort fleirtal av politifolka her i landet tvilar på at nærpolitireforma vil gi eit betre politi. Undersøkinga er gjort blant alle dei 6.000 medlemmene i forbundet. Difi-rapporten bekreftar denne skepsisen.

– Ei av hovudutfordringane er at det er lita tiltru til at reforma vil lykkast. Det bekreftar våre intervju. Tilsette ønskjer endring, men har lita tiltru til at måla i reforma blir nådd, seier Lassen.

Difi har blant anna intervjua alle politimeistrane i landet.

Justisministeren seier at han trur mange som er negative i dag, vil endre meining når resultata av reforma blir synlege.

– Mitt mål er at når vi kjem fem år fram i tid, og den er gjennomført, vil sjølv Senterpartiet omfamne den, seier Amundsen til NTB.

Detaljstyring

Statsråden seier at han har stor respekt for at tilsette som står midt i ein reformprosess føler stor uvisse.

– At det kjem til uttrykk gjennom skepsis er heilt naturleg, og det skal vi ta alvorleg. Litt av problemstillinga har vore at dette har vore ei reform som har handla om struktur, om nedlegging av lokale lensmannskontor, og ikkje om innhaldet. Det er no vi skal rulle ut reforma, og då trur eg det kjem til å prege debatten på ein heilt annan måte. Det viktige er ikkje strukturen i seg sjølv, men resultatet i den andre enden, seier justisministeren.

Han seier at han no vil sjå nøyare på rapporten og dei tilrådingane som kjem der.

– Når vi ber om denne typen rapportar, er det for å lære. Vi vil sjå nøye på ein del av punkta og om vi må gjere tilpassingar. Blant anna meiner eg at vi kanskje har gått for langt i detaljstyring. Eg oppfattar at ein frå Stortingets side har lagt klare føringar som betyr styring av politiet, og som eg er usikker på at er den rette måten å gjere det på, sa Amundsen då han tok imot rapporten.

(©NPK)

Til toppen