Leikanger: Frå januar neste år skal 121 statlege verksemder ta i bruk eInnsyn, eit verktøy utarbeida i samarbeid mellom Difi på Leikanger og Oslo kommune. Målet er å lage verdas mest gjennomsiktige system for innsyn i forvaltinga av både stat og kommune.

– Det er fantastisk, ikkje minst for dykk i media, seier avdelingsdirektør Torgeir Strypet i Difi på Leikanger.
Dei har allereie laga ein betaversjon der du førebels berre kan søke i politiske saker frå Oslo kommune. Den store skilnaden frå vanlege postjournalar er lynkjappe søk, enkel tilgang til dokumenta, evne til å følgje saksgangen og ikkje minst at alt blir samla på ein plass. På sikt skal alle kommunar og statlege verksemder vere påkopla.
Les også: Ti nye stillingar til Difi på Leikanger
For innbyggjarane og næringslivet skal det bli enklare å følgje til dømes ei byggjesak du har gåande. For media skal det bli enklare sjå politikarane i korta og jakte etter sprengstoff i offentlege dokument. For det offentlege sjølve skal det frigjere ressursar dei i dag må bruke på innsynskrav.
– Tanken er at innbyggjarane skal finne det sjølve. Det er vel lokale kommunar her i nærleiken som nesten må ha eigne sakshandsamarar for å handtere innbyggjarane sine, seier Strypet.