SÅRBAR: Den spesielle vinteren gjer at villreinen har vanskeleg for å få tak i mat. Det gjer han ekstra sårbar for stress, mellom anna påført av menneske på pudderjakt. Foto: arkiv.
SÅRBAR: Den spesielle vinteren gjer at villreinen har vanskeleg for å få tak i mat. Det gjer han ekstra sårbar for stress, mellom anna påført av menneske på pudderjakt. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

Difor bør du droppe toppturen i Hurrungane i vinter

Fylkesmannen ber skigåarane halde seg vekke.  

Årdal: Om vinteren held villreinen i Vest-Jotunheimen til i Hurrungane. Denne sesongen har mildvêr og frost skapt eit hardt isdekke som gjer at reinen ikkje kjem ned til maten.

Vinterstid lever villreinen allereie på eit minimum av energi. I år er han difor spesielt sårbar, skriv seniorrådgjevar Hermund Mjelstad i miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

Han oppmodar skigåarar om å ta ekstra omsyn.  

– Det kostar villreinen energi kvar gong han må flykte. Til slutt trekker dei vekk, simlene kastar kalven dei ber på eller dei går til grunne. Ein skiløpar som legg eit nytt spor kan vere like skadeleg som ei gruppe, skriv Mjelstad.

Les også: Felte 85 færre reinar enn i fjor
Les også: Når dei skulle telje villreinen, mangla halve bestanden

Vidare skriv han at målet er å gje skifolket eit bevisst forhold til villreinen i Hurrungane. Konkret ber Fylkesmannen skifolket om å finne toppturar andre stadar, eller i det minste utsette den til våren.

– Villreinen er også pressa om våren og for stort press kan hindre simlene å trekke ut mot kalvingsområda. Om du skal inn mot toppane, hald sporet til du har kome opp i fjellsida. Ned att kan du gjerne legge eit nytt spor øvst, men hald sporet ut dalen og ned til Turtagrø. Ser du villrein, trekk vekk og gå rundt, er oppmodinga til seniorrådgjevaren.

Til toppen