UTBRENT: Slik såg feiebilen ut etter at han tok fyr inni Fjærlandstunnelen i midten av april. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen.
UTBRENT: Slik såg feiebilen ut etter at han tok fyr inni Fjærlandstunnelen i midten av april. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen.

Difor byrja feiebilen å brenne

Den førebelse konklusjonen tyder på oljelekkasje som følgje av teknisk svikt.

Jølster/Fjærland: Den 17. april i år tok det til å brenne i ein feiebil i Fjærlandstunnelen. Tretten personar vart sende til Førde sentralsjukehus med røykskadar og vegen vart stengt i fleire dagar med tunnelen vart reparert.

Lensmann Knut Skurtveit i Jølster seier dei no kome langt i etterforskinga av brannen, men at det står att nokre rapportar frå spesialgruppa som undersøker feiebilen. Ifølgje NRK var feiebilen ein Scania R 580 2015-modell, altså nesten ny og med det mest moderne utstyret.

– Det er ein del ting på den bilen som er sendt inn til analyse. Det tek erfaringsmessig litt tid å få svar på, seier han.

Les også: Feiebil tok fyr i tunnel – 13 personar røykskadde
Les også: Dette er status for dei røykskadde etter tunnelbrannen

Likevel har politiet ei klar oppfatting av kva som som har skjedd. 

– Det har vore ein eller form for oljekkasje frå feiebilen. Det meiner vi bestemt utifrå opplysningar frå føraren, seier lensmannen og understrekar at dei ikkje har svaret på korleis olja tok fyr.

Det er heller ikkje gitt at rapporten etter undersøkingane av bilen skal gje eintydige svar. Det kjem an på kor mykje skadar bilen har fått i flammane og dermed kor mykje spesialgruppa kan rekonstruere av det sannsynlege hendingsforløpet.

Når etterforskinga er endeleg avslutta skal ein politijurist ta stilling til om det vert henlegging eller straffeforfølging i ei eller anna form.

– Så langt kan det sjå ut til at det har vore ein teknisk svikt på maskina, seier Skurtveit.

Til toppen