UDRAMATISK BYTE: Sandra Opheim har bytt parti frå Miljøpartiet dei Grøne til Sosialistisk Venstreparti. Partibytet får ikkje fylgjer for hennar rolle i lokalpolitikken i Årdal ut denne kommunestyreperioden. Ho vil halda fram i styret som uavhengig representant.
UDRAMATISK BYTE: Sandra Opheim har bytt parti frå Miljøpartiet dei Grøne til Sosialistisk Venstreparti. Partibytet får ikkje fylgjer for hennar rolle i lokalpolitikken i Årdal ut denne kommunestyreperioden. Ho vil halda fram i styret som uavhengig representant. (Foto: Snorre Sandemose)

Difor bytte varaordføraren parti

Landa på at ho ville attende til Sosialistisk Venstreparti.

Årdal: – Eg held fram som uavhengig i kommunestyret, som varaordførar og som medlem i formannskapet. Dei politiske verva er personlege, ikkje knytte til parti, seier Sandra Opheim, varaordførar i Årdal.

Ho seier idéen om å forlata Miljøpartiet Dei Grøne var noko som mogna over tid, og at no var tida inne for å ta steget.

– For meg er det viktig å kjenna at det partiet eg representerer, er rett for meg, og difor gjekk eg attende til SV. Eg trur òg det er viktig for innbyggjarane å vita kva parti lokalpolitikarane «tilhøyrer», seier Opheim.

Til sjuande og sist trur ho likevel at korleis politikarane løyser saker er det som betyr noko for folk.

– Lokalpolitikk handlar om vårt eige bu- og nærmiljø, om skular, barnehagar og eldreomsorg, om skilting, renovasjon, grøntområde og klatrepark, utebasseng og mykje meir, seier Opheim.

Sikra Ap fleirtal i historisk val

Opheim debuterte som aktiv politikar då ho gjekk til val for Miljøpartiet i Årdal hausten 2015. I det rekordjamne valet, der Ap fekk nesten halvparten av stemmene, vart ho den fyrste lokalpolitikaren i Årdal si moderne historie til å hjelpa Ap med å sikra ordførarvervet.

– Eg angrar ikkje på at eg stilte for MDG. Det at partiet var so pass nytt gav meg mot til å gå inn i politikken. Eg opplevde partiet som raust og fleksibelt.  Det er oppteke av samarbeid og å finne gode politiske løysingar på tvers av politiske skiljeliner, seier ho.

Miljøengasjementet står framleis like sentralt hjå Opheim, sjølv om ho no forlét partiet som lyftar miljøfana høgast. 

– SV er òg eit miljøparti. Men samstundes har dei fokus på at det skal vera mindre sosiale ulikskapar i landet, og det er òg viktig.

Hjartet bankar for Palestina

Det at SV er so klare på at dei støttar det palestinske folket, var ein av grunnane til partibytet. SV har mellom anna gått inn for å anerkjenna Palestina som ein suveren stat.

Det gjer òg eit fleirtal av nasjonane i FN, inkludert Sverige og Island, men i norsk politikk er SV nesten heilt åleine om dette. 

– Eg tykkjer om at internasjonalt freds- og solidaritetsarbeid står so sterkt i SV. Solidaritet med det palestinske folket er viktig for SV, slik det òg er for mange i Indre Sogn, seier Opheim.

Til toppen