STORINNRYKK: Kvart år samlar festivalgjengarar seg i tusental i fjellheimen ved Eidsbugarden. Det set den sårbare vegetasjonen i fjellheimen under presse. Pressefoto: Vinjerock.
STORINNRYKK: Kvart år samlar festivalgjengarar seg i tusental i fjellheimen ved Eidsbugarden. Det set den sårbare vegetasjonen i fjellheimen under presse. Pressefoto: Vinjerock.

Difor er dei spektakulære rammene òg ei utfordring

Vinjerock er Norges største festival over tregrensa. Det gir ikkje berre spektakulære rammer, men òg eit ekstra ansvar for å ta vare på dei. 

Sogndal: På reiselivskonferansen i Sogndal i går fortalte Ingebjørg Blomlie Müller frå Vinjerock korleis dei jobbar for å ta omsyn til miljøet.

MILJØET I SENTRUM: Ingebjørg Blomlie Müller frå Vinjerock seier miljøet alltid har kome i første rekkje. – Det er på grunn av området vi er i, seier ho.
MILJØET I SENTRUM: Ingebjørg Blomlie Müller frå Vinjerock seier miljøet alltid har kome i første rekkje. – Det er på grunn av området vi er i, seier ho.

Og ikkje minst, kvifor det er viktig. 

– Det er på grunn av området vi er i. Vi ønskjer at så mange som mogleg skal få oppleve det flotte området i fjellheimen, difor er det viktig for oss å bevare det, seier ho.

Les også: Hotellsjefen meiner cruiseturistane er betre enn sitt rykte

Aldri aktuelt å flytte

Festivalområdet er på Eidsbugarden 1060 meter over havet. Det gjer vegetasjonen ekstra sårbar.

– Det er som regel ikkje 3.500 menneske som campar på eitt og same område i fjellet. Difor må vi ta spesielle omsyn for at dem skal bli teken vare på, seier Müller.

Trass dei ekstra utfordringane, har det aldri vore på tale å flytte festivalen. 

– Det er det som gjer det til ei unik oppleving. Det er eit fantastisk område og ei sterk historisk tilknyting til Åsmund Olavson Vinje. Difor kunne ikkje vi hatt Vinjerock nokon annan plass, seier Müller.

– Det viktigaste er tankegongen

Mykje handlar om å spele på lag med festivaldeltakarane: få dei til å skjøne poenget med å kildesortere, for eksempel. Dei set opp bussar for å minske trykket på den einaste vegen inn til området. Dei tilbyr lokale og økologiske produkt. Dei er langt på veg papirlause og har forbod mot eingongsgrillar, berre for å nemne noko.

Djevelen ligg med andre ord i detaljane. Men Müller meiner det ikkje bør skremme andre festivalar som har latt seg inspirere av måten Vinjerock jobbar på.  

– Det viktigaste er tankegongen. Du må vurdere omgjevnadane og sjå kva omsyn du treng å ta. Er du midt i ein by må du ta heilt andre omsyn enn når du er midt oppå fjellet. Det viktigaste er å tilpasse seg, seier ho.

Til toppen