SKEPTISK: Kåre Rudningen (innfelt), økologisk sauebonde frå Lærdal, trur talet på dei som driv med økologisk sau vil bli vesentleg redusert dersom det «nye» EU-kravet blir innført i Norge. Foto: Arkiv/Julia Farsund Storvik
SKEPTISK: Kåre Rudningen (innfelt), økologisk sauebonde frå Lærdal, trur talet på dei som driv med økologisk sau vil bli vesentleg redusert dersom det «nye» EU-kravet blir innført i Norge. Foto: Arkiv/Julia Farsund Storvik

Difor er den økologiske sauebonden skeptisk til «nye» EU-reglar

EU krev heildekkande golv i økologiske sauefjøsar. Ikkje alle har trua på at det er vegen å gå.

Lærdal: – Viss det blir kravet, så kjem eg til å melde meg ut av den økologiske ordninga, tenkjer eg, seier økosauebonde Kåre Rudningen frå Lærdal.

Han er tidlegare veterinær i Mattilsynet og kjenner godt til både saka og forhistoria til regelendringa som no møter motstand.

Les også: Éin av to trur ikkje økologisk er sunnare
Les også: Kjempeoverskot av sau og lam i år

Gamle krav om att

Regelverket vart vedteke i EU i 2007. Eitt av krava er at minst halvparten av innandørsarealet i fjøsen skal vera heildekkande, i motsetning til strekkmetall, dei holete ristene som stort sett blir brukte i dag. Betra dyrevelferd er eitt av dei fremste argumenta som blir brukt for innføringa.

Det var etter eit møte i Brüssel sist veke at landbruksminister Lars Georg Dale ba norske økobønder bu seg på at krava blir innført òg her til lands, skriv Nationen (krev abonnement).

– Att og fram er like langt, er den første reaksjonen til Rudningen når han får høyre om det. Han fortel nemleg at dette er noko dei norske bøndene allereie har prøvd og forkasta. Før Norge fekk særreglar gjaldt EU-kravet òg her.

– Utan at det etter mitt syn auka dyrevelferda, seier bonden.

Trur mange vil gje seg

Sjølv har han omlag to tredelar av sauene gåande på strekkmetall, det vil seie rister som gjer at urin og avføring går gjennom. Resten av dyra går på såkalla talle, eit heildekkande underlag laga av møkk og urin frå dyra, som deretter blir trakka saman med strø, gjerne halm. Det gir eit mjukt og godt dekke, som samstundes avgir varme når det komposterar.

Men det er eit underlag som ikkje er lett å få til her på Vestlandet, og det let seg vanskeleg kombinere med det meir vanlege strekkmetallet.

– Dei undersøkingane som er gjorte viser at når sauene har ull, så er dei ganske likegyldige til kva slags underlag dei legg seg på. Dei nyklipte vil nok føretrekkje eit godt talleunderlag, med gode varmeeigenskapar, men det dreier seg om ei veke eller to etter klypping, seier Rudningen.

Han trur det får store konsekvensar viss kravet om heildekkande golv blir innført, i tillegg til at han trur det vil skape fleire problem enn det løyser.

– Då vil talet på dei som driv med økologisk sau bli vesentleg redusert, vil eg tru, seier han.

 

Til toppen