RUSSISK RULETT: Folk som ikkje sjekkar skattemeldinga (sjølvmeldinga) spelar russisk rulett med privatøkonomien sin, meiner Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen.​
RUSSISK RULETT: Folk som ikkje sjekkar skattemeldinga (sjølvmeldinga) spelar russisk rulett med privatøkonomien sin, meiner Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen.​

Difor er det lurt å sjekke skattemeldinga​

Folk som ikkje sjekkar skattemeldinga (sjølvmeldinga) spelar russisk rulett med privatøkonomien sin, meiner Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen.

Når skattemeldinga kjem tysdag 4. april, kjem fleire hundre tusen til å ignorere ho. I fjor var det 350.000 skattebetalarar som ikkje tok seg bryet med å opne sjølvmeldinga då ho vart sendt til dei elektronisk. I tillegg kjem alle som så vidt kikkar på tala og alle som fekk sjølvmeldinga på papir og lét vere å sjekke.

– Dei aller fleste tala i skattemeldinga stemmer, og det er nok grunnen til at mange lèt vere å sjekke tala – og slepper unna med det. Samtidig vert det gjort feil av både Skatteetaten og av alle som er pliktige til å sende inn opplysningar om økonomien din til skattemyndigheitene. Derfor er samanlikninga med russisk rulett svært relevant. Lar du vere å sjekke, eller stoler på at det meste er rett, går det kanskje bra ei god stund, men dukkar det plutseleg opp ein feil, så er du sjanselaus dersom du ikkje sjekkar, seier Lothe i ei pressemelding.

For vanlege lønsmottakarar eller pensjonistar, som stort sett har oversiktleg økonomi, kan det like fullt vere svært viktig å ta ein firepunktssjekk:

  1.  Fleire arbeidsgivarar? Sjekk lønna!
  2. Bustad og likningsverdi
  3. Aksjar/utbytte
  4. «Gløymde» frådrag

Hugs at Skatteetaten ikkje får opplysningar om alle frådrag du kan ha krav på. Pass derfor på å føre opp frådrag som ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga. Viktige frådrag kan vere utelatne, som for eksempel: Gjeldsrenter på private lån, renter på lån i utanlandsk bank, sjukdomsfrådrag, seld bustad med tap, kostnader knytt til refinansiering av lån.

Kvart år rettar mange opp postar i skattemeldinga fordi tala ikkje stemmer. Og det er nokre postar som går att: Reisefrådrag, renter av gjeld, gjeld, bil, renteinntekter, bankinnskot og frådrag for barnepass.

(©NPK)

Til toppen