FOKUS PÅ LEIK: Leik er tema under årets barnehagedag. Styrar i Uravegen barnehage, Anne Jevnaker, fortel at barn lærer utruleg mykje gjennom leik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FOKUS PÅ LEIK: Leik er tema under årets barnehagedag. Styrar i Uravegen barnehage, Anne Jevnaker, fortel at barn lærer utruleg mykje gjennom leik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Difor er leik i fokus på barnehagedagen

Regjeringa ønskjer at barn skal kome «tettare på realfag» allereie i barnehagen. Dei som jobbar i barnehagane meiner derimot at barna allereie er det gjennom leiken.

Årdal: Difor var nettopp leik tema for årets barnehagedag, som var tysdag 14. mars. I fleire barnehagar i Sogn vart dagen markert med leik sjølvsagt. Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehagar (FUB) som står bak markeringa.

– Den nye regjeringa har veldig fokus på læring i barnehagen, medan me som jobbar her har fokus på at ungar skal få vera ungar og at dei leikar for leiken sin eigen verdi, seier styrar i Uravegen barnehage, Anne Jevnaker.

REALFAG: Regjeringa ønskjer meir realfag inn i barnehagane, men Jevnaker meiner dei allereie har det gjennom leiken. 
REALFAG: Regjeringa ønskjer meir realfag inn i barnehagane, men Jevnaker meiner dei allereie har det gjennom leiken. 

I oktober 2016 vart forslag til ny rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver sendt ut på høyring. Korleis leiken vert omtalt, blir ein viktig diskusjon i barnehagane. 

– Planen ser grei ut. Det er ikkje gjort store forandringar slik me kan sjå. Leik er utruleg viktig fordi ungane leikar ikkje for å lære, men me vaksne ser jo at det er mykje læring der, seier Jevnaker.

Lærer gjennom leik

Gjennom leiken lærer barna det meste, meiner pedagogisk leiar i Lærdalsøyri barnehage Torunn Gram

– Dei prøver ut nye sider ved seg sjølv. Dei tek sjansar fordi det er på leik. Barna tek fram og bearbeidar vanskelege situasjonar. Dei lærer kommunikasjon gjennom å lytte til kvarandre, ta andre sitt perspektiv, argumentere og overtyde andre med idear og tankar, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

VASSLEIK: I Uravegen barnehage var ein av stasjonane vassleik, noko som var svært populært. 
VASSLEIK: I Uravegen barnehage var ein av stasjonane vassleik, noko som var svært populært. 

– Dei øver på språk. I fantasien og kreativiteten blir ein pinne til eit fly, blad til ein båt. Og sist men ikkje minst lærer dei sosial kompetanse – det å sette seg inn i andre sin ståstad.

Barn har rett på leik

Leik er faktisk så sentralt at den er omtalt i FNs barnekonvensjon og framgår tydeleg i barnehagelovas føremål. Leik har også mykje å seie for trivsel.

I Uravegen barnehage har dei trassa regnet og laga til stasjonar for alle ungane i barnehagen. På tvers av alder går dei frå leik i sandkasse, til rolleleik, vassleik, som var veldig populært, og fysisk aktivitet. 

Artikkelen held fram under biletet.

AKTIVITET: Ein annan av stasjonane var fysisk aktivitet i sentrum. Her byggjer barna motorikk og balanse gjennom ulike aktivitetar. 
AKTIVITET: Ein annan av stasjonane var fysisk aktivitet i sentrum. Her byggjer barna motorikk og balanse gjennom ulike aktivitetar. 

– I Årdal har me eit spesielt fokus på relasjonar i år, så to gonger i veka deler me inn i mindre leikegrupper der ungane kjem tettare på kvarandre og byggjer venskap, seier Jevnaker.

– Barn har rett på leik, og sjølv eg forstår regjeringa som vil ha realfagkompetanse inn i barnehagane og at me skal ha fokus på fagområde, så er dette noko me gjer i leikform. Me kan flette inn realfag med å telje vassbøtter eller sortere leiker etter fargar og storleik. Då får me inn matematikk, men seier ikkje at me skal mattetime. 

Til toppen