REKORDJAKT: Aldri før har det blitt felt fleire hjort i Lærdal enn i år. Og enno står det att ein månad av jakta.
REKORDJAKT: Aldri før har det blitt felt fleire hjort i Lærdal enn i år. Og enno står det att ein månad av jakta. (Bilde: Rein Arne Golf/Statens naturoppsyn)

Difor er målet å skyta 700 hjort i Lærdal, nesten det doble av ein vanleg sesong

Ønskjer å redusera faren for at òg hjorten skal bli smitta av skrantesjuka.

Lærdal: Aldri før har det vorte felt så mykje hjort i Lærdal på ein jaktsesong. Og enno står vel ein fjerdedel av sesongen står att. Det skriv Lærdal kommune på sine heimesider.

Til no har 413 hjortar blitt registrert skotne. Det er allereie rekord, men målet er 700 før sesongen er slutt.

Rekordjakta skjer etter press frå myndigheitene om å redusera stamma. Den største frykta er at òg hjorten skal bli smitta av skrantesjuka som har brote ut hjå villrein i Nordfjella.

– Om smitta spreier seg til gjort, er kampen tapt, sa rådmann Alf Olsen jr. då han orienterte om hjortejakta i gårsdagens kommunestyre.

Andre årsaker til ønsket om å redusera stammen er at Lærdal ligg i landstoppen når det gjeld viltpåkøyrsler, samt at hjorten gjer store skadar på hagar og innmark på vinteren og våren i Lærdal.

Til toppen