Difor er treningssenteret bra for deg

Difor er treningssenteret bra for deg

 

  • Det er sosialt
    Tren saman med nokon, delta på gruppetimar eller berre slå av ein prat i pausen mellom seriane dine. Treningssenteret er ein kjempefin sosial arena! (Sørg likevel for at du faktisk trenar større deler av tiden enn det du pratar med folk) Dessutan er det ein av dei stadene der du møter folk når dei er i sitt aller beste humør, proppfulle av endorfiner - kroppen sitt eige lykkehormon!
  • Du sikrar progresjon
    Turgåing og rolege joggeturar er ikkje det same som knallharde spinningtimar, og kroppsvektsøvingar i hagen er heller ikkje det same som skikkeleg tung styrketrening. All aktivitet er sjølvsagt bra aktivitet, men dersom du har eit mål med treninga di vil eg råde deg til å leggje inn nokon timar på treningssenteret - året rundt. Det er alt for mange av dei som byrjar på scratch att etter lengre opphald utan trening og som synast det er svært tungt å kome i gang att. Vil du ikkje heller vere ein av dei som held fram der andre slipper?

  • Det er fagpersonell der for deg
    Vit at du er i dei beste hender med det same du set beina dine innanfor dørene! Kompetent personell med massevis av treningserfaring og kunnskap kan hjelpe deg med treninga di, svare på alle spørsmål du har og passe på at du ikkje gjer noko feil eller noko som kan føre til at du skadar deg.
  • Du har alle moglegheiter
    ... Ja, det vil eg faktisk påstå. Den som trenar på eit velutstyrt treningssenter har tilgang på manualar, frivekter, vekstenger, benkar, stativ, apparat og treningsutstyr etter alle kunstens (og biomekanikkens) reglar. Mange treningssenter har også fleirfoldige gruppetimar som du kan velje mellom. Bruk kreativiteten, kombiner det med ein smart treningsplan tilpassa deg og din kropp, og ha det gøy på vegen mot målet ditt!


     
Til toppen