VENTETID: Dersom du bestiller legetime hjå fastlegen din i Årdal, må du rekne med fire veker me venting. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VENTETID: Dersom du bestiller legetime hjå fastlegen din i Årdal, må du rekne med fire veker me venting. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Arkiv)

Difor er ventetida på legetime så lang

Dersom du bestiller legetime hjå fastlegen din i Årdal, må du rekne med fire veker me venting. Når påska er over, kan vera ventetida blir lenger.

Årdal: Det er først og fremst to årsaker til at ventetida er så lang som ho er. At Årdal er ein del av lokalmedisinsk senter (LMS) er ein del av forklaringa. 

Den andre delen handlar om andre oppgåver legane har i tillegg til pasientkonsultasjon. Kommunalsjef Rigmor Svanberg forklarar.

– At Årdal er ein del av LMS er ein del av forklaringa, men dersom me hadde hatt eigen legevakt, ville fråveret vore større. Dette er knytt til praksiskompensasjon. Når legen har hatt vanleg vakt på dag og legevakt frå 15.30 til morgonen neste dag, har dei rett på fri neste dag med kompensasjon frå kommunen, forklarar ho.

Strenge krav

I dag er det tolv-delte vakter, der Årdal dekker med fem legar og ein turnuslege. Med eigen legevakt ville praksiskompensasjonen ha fordobla seg. 

– Det er ein rettigheit legane har, og eg er jo samd i at når du har jobba full dag og hatt legevakt, så bør du ikkje gå rett på jobb igjen, seier Svanberg.

– Det er også strenge krav til kven som kan gå i legevakt, så dersom me er åleine, vil det gi utfordringar.

Offentlege helseoppgåver

Ei utfordring er det også at kvar veke går det mange timar til andre ting enn pasientkonsultasjonar knytt til fastlegane. Kommunen kan nemleg pålegga legane arbeid knytt til andre ting inntil ei 20 prosent stilling. Legane i Årdal har stilling frå knapt 20 % til over 38 % til offentlege helseoppgåver.

– Dette utgjer nesten 1,4 årsverk og over 50 timar som ikkje er knytt til fastlege, men ting som sjukeheimstilsyn, helsestasjon, skulehelsetenesta og asylsøkjararbeid. Det utgjer faktisk så mange timar, og det er klart det påverkar ventelistene. 

Årdal har i dag fastlegeavtalar i alle fem heimlar. Kommunen har rekruttert fleire som har vore turnuslegar her, og med ein del pålagt opplæring, betyr det også til fråver. Dessutan skal dei ha ferie som alle andre.

– For Lærdal meiner eg ein fastlege der har rundt 550 pasientar. Den som har mest hjå oss har 1250, medan den som har minst har 950 pasientar, seier Svanberg.

– Det er eit paradoks når det er lenger tid å venta på tilvising til fysioterapeut enn det er å få time hjå fysioterapeut.

Ser på tiltak

Tidlegare denne månaden hadde kommunen møte der dei såg på tiltak som dei håpar skal betre situasjonen noko.

Mellom tar ein ordinær legetime i dag rundt 20 minutt. Eit grep er då å prøve og redusere tida til 15 minutt. 

– Då får du nokon fleire gjennom per dag, men det er nok ikkje alle det er tilstrekkeleg med 15 minutt. Det kan vera i knappaste laget med 20 for dei som treng ekstra tid. Eg ser ikkje føre meg at dette blir ei varig ordning fordi det ikkje er tilfredsstillande, seier Svanberg.

Ny teknologi hjelper

Ny teknologi bidreg også til at ein sparar tid. Nyinnkjøpt telemedisinsk utstyr gjer at legane kan sitja på kontoret og snakka med heimesjukepleien. I tillegg oppmodag kommunalsjefen alle om å nytta nettbasert time- og reseptbestilling. 

– På sikt ser eg at me må få ned pasientlistene og auka kapasiteten med ein lege til, samt få på plass ein kommuneoverlege i ei kombinasjonsstilling som kan ta over ein del av dei offentlege oppgåvene som burde vore brukt direkte til pasientarbeid. Det er ei målsetting me har, fortel ho og legg til informasjon for opningstider i påska.

– Me har ope kontor med normal drift til og med tysdag. Frå onsdag er det berre øyeblikkeleg hjelp, så dei som skal ha ordinær legetime bør vente til etter påske slik at dei slepp eit voldsomt køyr på LMS i Lærdal. 

Til toppen