GÅVMILDE: Dei tilsette i Indre Sogn Sparebank gir i år vekk julegåva frå leiinga til traumeavdelinga på Haukeland sjukehus. Foto: arkiv. 
GÅVMILDE: Dei tilsette i Indre Sogn Sparebank gir i år vekk julegåva frå leiinga til traumeavdelinga på Haukeland sjukehus. Foto: arkiv. 

Difor gir dei tilsette i banken frå seg julegåva​

– Dei fleste av oss har det me treng. Det å kunne dele med andre, spesielt folk som treng det, det er viktig.

Årdal/Lærdal/Sogndal: Dei tilsette i Indre Sogn Sparebank fekk i år ei tragedie tett på livet då ein kollega mista mannen i ei ulukke i sommar.

ROSAR DEI TILSETTE: Karin Vikane i Indre Sogn Sparebank skryt av givargleda til dei tilsette.
ROSAR DEI TILSETTE: Karin Vikane i Indre Sogn Sparebank skryt av givargleda til dei tilsette.

Difor var valet enkelt då dei, som i fjor, bestemte seg for å gje vekk julegåva dei fekk frå leiinga til eit veldedig føremål. Traumeavdelinga på Haukeland sjukehus får no 25.000 kroner til å oppgradere rommet for pårørande.

– I staden for at dei til får julegåve frå banken ønskjer dei tilsette at tilsvarande sum skal gå til eit godt formål.  Det viser kor flott gjeng vi har i banken, seier administrerande direktør Karin Vikane.

Les også: Dei tilsette gir frå seg julegåva for å hjelpe ungar på flukt

Ho trur få tek innover seg kor viktig den traumeavdelinga er for oss i Sogn når ulukka først er ute.

– Vi har ikkje noko tilsvarande i vårt område, seier ho.

I fjor var det inntrykka frå TV-skjermane som utløyste givargleda. Då gjekk pengane til born på flukt frå Syria.

– Dei fleste av oss har det me treng. Det å kunne dele med andre, spesielt folk som treng det, det er viktig. Det handlar om å bry seg, seier Vikane.

Til toppen