NY FASTLEGE: Årdal kommune har tilsett ny fastlege, noko som betyr at mange innbyggjarar har fått brev om at dei har fått ny fastlege. Kommunalsjef Rigmor Svanberg beklagar at dei ikkje var tidlegare ute med informasjon før brevet kom i postkassa til folk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY FASTLEGE: Årdal kommune har tilsett ny fastlege, noko som betyr at mange innbyggjarar har fått brev om at dei har fått ny fastlege. Kommunalsjef Rigmor Svanberg beklagar at dei ikkje var tidlegare ute med informasjon før brevet kom i postkassa til folk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Difor har mange fått brev om ny fastlege i posten

Rundt 660 innbyggjarar i Årdal har fått brev frå Helfo om at dei har fått ny fastlege. Forklaringa er at kommunen no har tilsett ny fastlege.

Årdal: Porten.no har tidlegare skrive om lange ventelister for legane i Årdal, der ventetida har vore på opp mot fem veker. Kommunen har difor jobba med å få på plass ein fastlege til. Denne veka vart Henrik Hartman-Thim tilsett.

– Han byrjar med ei paseintliste, og dermed er mange innbyggjarar som har fått brev om ny fastlege. Dette er det Helfo som ordnar og noko me ikkje har innverknad på, seier kommunalsjef Rigmor Svanberg.

Resultata var at mange av dei 660 innbyggjarane som fekk dette brevet ringte ned legekontoret og lurte på kva som hadde skjedd. 

– Det er eit eller anna som har svikta i informasjonen her. Eg veit dei har fått mange telefonar, og det er beklageleg at me ikkje har vore betre på informasjon i forkant, legg kommunalsjefen til.

Kortare ventelister

Ny fastlege betyr at kommunen tek eit steg mot målet om å få ned ventetida til to veker. Fem veker ventetid vart rekna som på grensa til det forsvarlege. Fram til no har legane hatt lister på mellom 950 og 1250 pasientar. 

No er pasientlistene redusert ned til 930 per lege.

– Mål nummer éin er å få ned ventetida på ordinær legetime og auke stabiliteten i legegruppa slik at me ikkje er så sårbare ved fråvær. For legetenesta er dette eit stort løft. Henrik Hartman-Thim er ein lege som har erfaring, seier Svanberg.

Til toppen