EPLET OG STAMMEN: Her er friidrettskometen Andreas Kramer og mora Anne-Lise Kramer utanfor Olympiastadion i Berlin fredag. Både på tribuna og framfor TV-skjermane vil 800 meter-løparen få støtte frå heiande årdøler.
EPLET OG STAMMEN: Her er friidrettskometen Andreas Kramer og mora Anne-Lise Kramer utanfor Olympiastadion i Berlin fredag. Både på tribuna og framfor TV-skjermane vil 800 meter-løparen få støtte frå heiande årdøler. (Foto: Privat)

Difor heiar alle årdøler på denne mannen

Laurdag tok Andreas Kramer EM-sølv for Sverige. På 80-talet herja mora Anne-Lise på friidrettsbana for Jotun.

Årdal: Den svenske friidrettskometen Andreas Kramer (21) er halvt årdøl. Laurdag kveld sprang han EM-finale på 800 meter på Olympiastadion i Berlin.

– Det kan bli alt frå gull til åttandeplass, me kjem til å vera glade uansett korleis det går. Men me er veldig spente og kjem til å heia oss hese, sa mamma Anne-Lise Kramer morgonen før løpet.

Trente sonen i starten

Ho var sjølv eit stort løpstalent i Årdal, og heitte Hollevik til etternamn då ho herja på friidrettsbana for Jotun på 80-talet. Framleis har ho krinsrekordane for seniorar på 1000 og 5000 meter, over 30 år etter at ho sette dei.

NORSK JUL: Her er familien Kramer på julefeiring i Øvre Årdal. Frå venstre far Jens Kramer, mor Anne-Lise Kramer, EM-finalist Andreas og søstra Maria Kramer, samt kusinene Sandra Mariel og Sara Eirin Hollevik Brandsdal Foto: Privat

I tillegg til genane ho har velsigna sonen med, var ho òg trenaren hans i starten av karriera. Likevel vil ho ikkje ta æra for framgangen hans.

– Eg prøver å støtta han så godt eg han, men eg vil ikkje seia at eg skal ha noko æra for det. Det er han som er sterk i hovudet, og han som gjer jobben, seier Kramer.

Ho fortel at begge barna deira har fått lov til å velja kva idrett dei ville driva med sjølve. For Andreas stod det mellom friidrett og fotball. Han ba foreldra om hjelp, men måtte ta valet sjølv.

– Då vart det friidrett, seier Kramer.

Flykta frå skadeproblem

Ho flytta frå Årdal i 1989. Då hadde ho lenge slite med ein skade som aldri vart bra. Til slutt var det berre sprøyter som heldt ho i gang.

– Eg elska friidrett, men det gjekk ikkje lenger, seier Kramer.

Saman med fire veninner bestemte ho seg for å reisa til Gøteborg for å bu der eit år, gjera noko anleis, og ha det litt gøy.

– Eg vart igjen, medan dei andre reiste heim. Der møtte eg mannen min, seier Kramer.

Snart tretti år har gått, men banda til Årdal er framleis tette, ikkje minst på grunn av den nære familien. Mora og faren hennar bur framleis i Årdal, det same gjer søstra Marie-Helene Hollevik Brandsdal, medan broren bur i Bergen.

Meir eller mindre årleg tek ho med seg sonen til heimlege trakter, inkludert stadion der ho sjølv pressa rundetider i glansdagane.

– Jada. Han har sprunge der òg. Han må alltid finna høve til å trena der det passar. Då blir det nokre rundar på stadion, eller så spring han til Ytre Moa eller fram i dalen, seier Kramer.

Sterk støtte i Årdal

Heime i Årdal er det mange som vil følga ekstra nøye med når 800 meteren går av stabelen i Berlin laurdag kveld.

– Det er jo nevøen min som skal springa finale i kveld, så det er stor glede. Me skal samlast her i heimen og heia, seier Marie-Helene Hollevik Brandsdal, søstra til Anne-Lise.

Ho seier fleire frå friidrettsmiljøet i Årdal er på plass i Berlin for å følga med frå tribuneplass, det er òg hennar eiga dotter. Trua er stor på at svensken med årdalsanar kan overraska igjen.

– Han er ung, men han verkar veldig sterk, det gjer han, seier Hollevik Brandsdal.

Ho òg hadde ei lita friidrettskarriere, og delteke i kretsmeisterskap både på 800 meter og 60 meter.

Så kanskje må genane frå Årdal likevel få ein viss del av æra skulle Sverige sikra seg ein EM-medalje laurdag?

– Noko må det vera. Det viktigaste er kanskje at han driv med det han likar. Det er nok ein kombinasjon, seier Hollevik Bransdal.

Og korleis gjekk det? Jo det kan du sjå her.

Til toppen