LÆRDAL: I dag er det du som bestemmer kven som skal styre kommunen i dei neste fire åra. Foto: Jan Christian Jerving
LÆRDAL: I dag er det du som bestemmer kven som skal styre kommunen i dei neste fire åra. Foto: Jan Christian Jerving

Difor kan røysta di vera avgjerande

1204 stemmer avgjorde kommunevalet i Lærdal i 2011, og berre 40 røyster skilde dei to største partia Lærdal Senterparti og Lærdal Arbeidarparti. Difor er det under kommunevalet di røyst som innbyggar tel som mest.

Lærdal: Spørsmålet om kven som blir ordførar står om dagens ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og nykomaren Kåre Mentz Lysne (Ap), om ein baserer seg på tala frå forrige val og ambisjonane blant førstekandidatane i dei fem partia i kommunen. Sjølv om Solheim og Lysne har kvar sin stil, er dei like klare for å sitta ved roret dei neste fire åra. 

Sist kommuneval i 2011 var det 40 røyster som skilde Senterparti frå Arbeidarpartiet. Etter kom Høgre, Sosialistisk Venstreparti og til slutt Venstre (Sjå tabellen nederst i saka).

Med 17 plassar til råde i kommunestyret er dermed det magiske talet ni for å få fleirtal. Denne perioden har Ap fire kommunestyreplassar, Sp har fem. Både H og SV har tre kvar, medan V har to. 

Då Porten.no snakka med partileiarane, hadde ingen av partia inngått samarbeid. Det skjer nok heller ikkje før ein ser kva oppslutning dei får måndag kveld. For samarbeid er dei opne for, noko dei også må for å få fleirtal i kommunestyret. 

Sist val var ikkje svaret på kven som vart ordførar klart før desse puslespelbitane var på plass. Sp og Ap gjekk inn i samarbeid, der Sp som det største partiet fekk ordføraren, medan varaordføraren gjekk til Ap. 

Her kjem du direkte inn på valportalen til Porten.no

SIST KOMMUNEVAL: Slik såg resultata ut ved sist kommuneval i Lærdal i 2011. Skjermdump: Regjeringen.no
SIST KOMMUNEVAL: Slik såg resultata ut ved sist kommuneval i Lærdal i 2011. Skjermdump: Regjeringen.no

 

 

Til toppen