IKKJE TULLERINGING: Bygdefolket vil kunne oppleve at kyrkjeklokkene i Årdal kyrkje og Farnes kyrkje ringer i tide og utide tysdag og onsdag, men det har si forklaring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
IKKJE TULLERINGING: Bygdefolket vil kunne oppleve at kyrkjeklokkene i Årdal kyrkje og Farnes kyrkje ringer i tide og utide tysdag og onsdag, men det har si forklaring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Difor kjem kyrkjeklokkene til å ringe i tide og utide i dag

I fleire veker har ein ikkje kunne ringt inn til gudsteneste i Årdal. No er klokkene fiksa, men først må dei testast.

Årdal: Dersom du stussar over at kyrkjeklokkene i både Farnes kyrkje og Årdal kyrkje plutseleg byrjar å ringe i tide og utide tysdag og onsdag, så har det si forklaring.

Kyrkjeklokkene har hatt ein teknisk feil og vore i ustand. Tysdag kjem det nokon for å få orden på klokkene, og då må det prøveringast.

– Så det er greitt å få varsla folk slik at dei ikkje trur det er noko som er gale. Dette gjeld både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Då blir det rett og slett litt ringing, men det er ingen som tulleringer, forsikrar Ruth Jane Øren, som er fungerande kyrkjeverje på kyrkjekontoret i Årdal.

Kyrkjeklokkene har ikkje fungert på fleire veker, men skal no vere fiksa. Både tysdag og onsdag kan det bli ringing til litt uvanlege tider.

– Det var noko elektrisk som gjorde at dei ikkje har fungert. Dei siste vekene har me ikkje fått ringt inn til gudsteneste eller i gravferd. Me vil jo gjerne at folk skal høyra det når det skjer noko i kyrkja, og så har det noko med sjølve seremonien å gjere, seier Øren.

Til toppen