BETRE REGULARITET: Lufthamnsjef Svein Sanden skulle gjerne hatt ein hangar på flyplassen, mellom anna for at flya oftare skulle kome seg avgarde om morgonane.
BETRE REGULARITET: Lufthamnsjef Svein Sanden skulle gjerne hatt ein hangar på flyplassen, mellom anna for at flya oftare skulle kome seg avgarde om morgonane.

Difor kjempar dei for hangar på flyplassen

Med ein storkommune i Sogn aukar forhåpentlegvis òg sjansane for ein flyhangar på Sogndal lufthamn. Lufthamnsjefen forklarer kvifor det er så viktig.

Sogndal: Utselde flyavgangar til og frå Oslo og hyppige kanselleringer i periodar med dårleg vêr vinterstid. Velkjente problem for alle som er flittige brukarar av Sogndal lufthamn.

Problem som begge langt på veg kan løysast med ein hangar til ti millionar, trur lufthamnsjefen.

– Det er viktig at folk kan stole på at flya går. Når dei opplever at dei ikkje kjem seg avgarde med første fly, så vel dei andre alternativ neste gong. Me får ikkje vekst viss me ikkje har tillit hos passasjerane, seier lufthamnsjef Svein Sanden.

Les også: Tåke skapte problem for flytrafikken

LØYSINGA: Prislappen er på rundt rekna ti millionar kroner. Betra regularitet og kapasitet er fordelane. Illustrasjon: pressefoto.
LØYSINGA: Prislappen er på rundt rekna ti millionar kroner. Betra regularitet og kapasitet er fordelane. Illustrasjon: pressefoto.

Sprengt kapasitet

Her er resonnementet: Ein hangar vil vil gjere det mogleg å ha fly stasjonerte på Sogndal lufthamn over natta. Det vil for det første føre til færre kanselleringar, fordi det er lettare å ta av enn å lande i dårleg vêr. For det andre vil det auke kapasiteten, fordi flya naturleg nok er tomme når dei rullar ut av hangaren om morgonen.

I dag må sogningar dele morgonflyet til Oslo med nordfjordingane og då er det ikkje alltid plass til alle. Det gjer at stadig fleire må fly via Flesland og byte til eit anna selskap der.

– Det blir både dyrare å reise og det tek lengre tid, konstaterer lufthamnsjefen, som seier kapasiteten er tilsvarande sprengt om kvelden.

Siste hinder

Avinor har investert 60-70 millionar på flyplassen dei siste fire åra, men har som prinsipp at dei ikkje byggjer hangar. Difor må det eit spleiselag til og stort politisk trykk på saka, meiner Sanden.

– Politikarar og næringsliv bør jobba for å få dette til og eg veit dei er godt igang. Sogn regionråd jobbar med saka, det er etablert ei interessegruppe for lufthamna og eg håpar dei kan hente ut ein del av dei infrastrukturmidlane som kommunane får ved samanslåing, seier Sanden.

Les også: Ministeren på flyplassturne – besøkte Sogndal​

Førde, Sandane, Florø òg Ørsta/Volda har alle nattstasjonerte fly. I Sogndal er det ikkje mogleg på grunn av store snømengder om vinteren. Med ein hangar på Haukåsen vil det viktigaste argumentet som har blitt brukt mot nattstasjonerte fly her òg såleis vere fjerna.

– Det er jo ingen garantiar, men då har ein iallefall lagt til rette for det, seier lufthamnsjefen.

Til toppen