BÅDE BYGDA OG VERKET SVARTNA: Då Årdal mista straumen ein knapp time førre laurdag, mista også aluminiumsverket til Hydro straumen.
BÅDE BYGDA OG VERKET SVARTNA: Då Årdal mista straumen ein knapp time førre laurdag, mista også aluminiumsverket til Hydro straumen.

Hydro forklarar korleis det kan ha seg at aluminiumsverket deira svartnar når straumen går i bygda

Alumuniumsverket får all straumen frå straumnettet og ingenting direkte frå kraftverket. 

Årdal: Laurdag 18. november forsvann straumen i Årdal i ein knapp time. For aluminiumsverket til Hydro i bygda kunne det ha vorte dramatisk. Mange har lurt på korleis ein kraftkommune kan mista straumen slik, for ikkje å snakka om Hydro, som har eit kraftverk rett ved fabrikken i Øvre Årdal.

Litt av forklaringa er at kraftverket i Øvre Årdal tilfeldigvis gjekk på lågbluss då brotet på lina mellom Fortun og Leirdøla inntrefte.

– Som produsent av regulerbar vasskraft tek me del i den sokalla regulerkraftmarknaden, der Statnett har høve til å regulera ned produksjonen ved anlegga våre når det er større produksjon enn forbruk i kraftsystemet, forklarar talsperson i Hydro, Erik Brynhildsbakken.

Då straumbrotet oppstod, var altso kraftverket i Årdal nedregulert. Det vil seia at det produserte mindre straum enn det plar gjera. Statnett hadde nemleg nok straum på nettet til forbrukarane på det tidspunktet. For at straum ikkje skal gå til spille, gjeld det at kraftverka ikkje produserer for mykje eller for lite energi. 

– Skilnaden mellom det lokale effektbehovet og produksjonen på kraftverka våre vart so stor etter brotet på lina mellom Fortun og Leirdøla, at det ikkje var mogleg å unngå utfall, fortel talspersonen vidare. 

Han seier det tek ein del tid å få anlegga opp og i normal drift att, når det først har skjedd eit brot.

Kvifor kan ikkje aluminiumsverket henta straumen beinveges frå kraftverket som ligg like attmed?

Brynhildsbakken fortel at aluminiumsverket i Årdal får all straumen sin frå straumnettet, og ikkje direkte ifrå kraftverket. Sjølv om dei ligg nære kvarandre, så er ikkje det mogleg.

Andre sårbare og kraftavhengige installasjonar, som til dømes sjukehus, har naudaggregat i fall straumbrot.

Det er ikkje gangbart for eit aluminumskraftverk, fortel Brynhildsbakken.

 – Energimengdene som trengst på aluminumsverket er so store at det ikkje er mogleg å driva det ved hjelp av naudaggregat, fortel Brynhildsbakken.

Til toppen