VIL VITA MEIR: Formannskapet i Årdal, med ordførar Arild Ingar Lægreid i spissen, ønskjer å vita meir om konsekvensane av dei føreslåtte kutta før dei vedtek økonomiplanen.
VIL VITA MEIR: Formannskapet i Årdal, med ordførar Arild Ingar Lægreid i spissen, ønskjer å vita meir om konsekvensane av dei føreslåtte kutta før dei vedtek økonomiplanen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Difor sende politikarane i Årdal økonomiplanen i retur til rådmannen

– Eg ser ikkje på det som noko dramatisk, seier Lægreid.

Årdal: – Me valde å senda det tilbake til rådmannen, så det vart jobba litt meir med og slik at me får tatt det i lag med handsaminga av budsjettet. Når det har drege så langt ut i tid, så tenkjer eg det er greitt å samordna dei to planane, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Eigentleg skulle økonomi- og handlingsplanen ha blitt behandla før sommaren. Det kom ikkje politikarane i mål med, planen vart først lagt ut på høyring 10. november. Der låg det inne dramatiske kutt på ni millionar kroner.

– Det me er ute etter er å få vita meir om konsekvensane av dei reduksjonane i driftsbudsjetta i områda rådmannen føresler, seier ordføraren.

Sidan planen vart lagt ut på høyring har det i tillegg kome nye tal frå statsbudsjettet. Sjølv om Årdal kommune risikerer å miste 25 millionar i kraftinntekter, vil den føreslåtte endringa i eigedomsskatten først tre i kraft i 2019. Til neste år vil kommunen derimot få litt meir å rutte med enn dei hadde rekna med.

Ordføraren seier det var eit samstemt formannskap som gjekk for å sende økonomiplanen i retur.

– Eg ser ikkje på det som noko dramatisk, seier Lægreid.

Til toppen