OPPTEKNE AV VENSKAP: Rektor ved Ljøsne skule Ingrid Kristina Rio snakka om venskap og det å snakka godt om naboen sin i opningstalen på Venskapsveka i Lærdal. Foto: Jan Christian Skjerving. 
OPPTEKNE AV VENSKAP: Rektor ved Ljøsne skule Ingrid Kristina Rio snakka om venskap og det å snakka godt om naboen sin i opningstalen på Venskapsveka i Lærdal. Foto: Jan Christian Skjerving. 

Difor skal du passa på kva du seier foran barnet ditt

I forrige veke hadde Ljøsne skule anti-mobbingsveke. Målet er å vere sosial og bli betre kjent med kvarandre.

  • Endret

Veka er ei nasjonal satsing som alle skulane i landet er med på, der det er fokus på venskap.

På skulen har dei hatt samtalar om venskap, sunge songar om venskap og laga seg venskapsband. Det har vore felles turar og lunsj på tvers av klassane.

Tema i år var «Vaksne skapar vennskap». Lærarane på skulen jobba iherdig for å kome under huda på kvar elev for å skape tillit og tryggleik.

– Me er mange vaksne ute i friminutta, og me tek alltid tak i konfliktar, krangling, erting – umiddelbart, slik at det ikkje får utvikla seg, seier Ingrid Kristina Rio, rektor på Ljøsne skule, til Porten.no.

Ho fortel at dei vaksne heime kan bidra sterkt med å skapa venskap.

– Du skal vere veldig merksam på korleis du omtalar andre. Du er nemleg ein viktig rollemodell for borna dine. Snakkar du i positivt ordelag om naboen din eller naboen sitt barn, så verkar dette positivt inn på borna, fortel Rio i sin opningstale på Ljøsne skule måndags ettermiddag.

Sosialt samver

Alle foreldre vart invitert til hyggeleg samver, der dei fekk helsa på dei nye i foreldregruppa. I haust har fire nye elevar byrja ved Ljøsne skule, tre av dei frå Island og ein frå Bergen.

Elevane kokte kaffi og steikte vafler på harde livet, medan 1.-4- klasse sang songar om anti-jantelov før serveringa starta.

Alle storkosa seg i det flotte haustveret. Køen for å få seg vaflar vart lang, og det vart opplyst at FAU på Ljøsne vil sponse Ljøsne skule med tre nye doble vaffeljern. Dette blei godt motteke.

På slutten av kvelden kom Knut Blaaflat Evjestad og Jade Awalycke Kristiansen med ei korg full med vennskapskort. Dei gjekk rundt til alle og delte ut eitt til kvar. 

Som avslutning på kvelden var det songar av 5.-7. klasse i gymsalen med dei populære låtane «Sommartider» av Gyldne Tider og «Count on Me» av Bruno Mars.

Til toppen