AUSTVEGGEN: Falketind er toppen til venstre, her i vinterskrud. Pioneerruta går opp frå breen (Falkbreen) ganske langt til høgre og opp på ryggen noko til høgre for det lågaste punktet på denne ryggen. Ulukka førre søndag skjedde i dette bratte partiet mellom ryggen og breen. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun 

Difor skjedde dødsulukka ved Falketind

Ulukka skjedde ved klatring ned pioneerruta frå den kjende fjelltoppen. 

Årdal: Ein mann i 50-åra frå Austlandet døydde av skadane etter eit fall på veg ned frå Falketind søndag 14.august. Den forulukka hadde vore på toppen saman med ein kamerat og var på tur ned att då ulukka fann stad.

Les også: Mann omkom etter fallulukke på Falketind

Politiet har rutinemessig etterforska dødsulukka.

– Dei tok seg ned via pioneerruta og gjorde ein liten avstikkar frå denne, fortel Petter Hagen, lensmannsbetjent ved Årdal lensmannskontor.

Sikringa heldt ikkje

Pioneerruta går over Falkbreen og opp den bratte austveggen. Då kjem ein opp på ein rygg som fører til toppen av Falketind. Dette var ruta fyrstebestigarane av Falketind gjekk, derav namnet. 

Ulukka førre søndag skjedde ved klatring ned austveggen. 

– Mannen var sikra i tau då ulukka skjedde. Dei har festa ei slynge til ei sikring som var der frå før. Sikringa framstod som sikker, men den heldt altså ikkje då mannen fall, seier Hagen.

– Kor langt var fallet?

–  Det er i alle fall snakk om ført-femti meter.

Utførde livreddande førstehjelp på staden

Mannen som omkom fekk livreddande førstehjelp på staden av turkameraten og ei anna gruppe som var i området samstundes.

– Dette vart utførd godt, men livet stod ikkje til å redda. Mannen vart stadfesta omkomen på staden av helsepersonell då dei kom til. 

Til toppen